Arktis under lupa på talentlab

Unge menneske med posterar står i stort bygg, smiler mot kamera
På talentlaben i Nuuk samarbeidde Tara Botnen Holm frå Vestlandsforsking med to deltakarar frå Sverige og to frå Danmark - to av dei var opphaveleg frå Mexico og Kroatia. Her legg dei fram ideen sin for andre deltakarar.

1600 søkte, men berre 200 fekk plass på den høgthengande innovasjonslaben på Grønland i slutten av august. Ein av dei var Tara Botnen Holm ved Vestlandsforsking. – Det vart fem intense dagar, seier forskaren.

Grønlandske 12-åringar som må flytte heimanfrå for å gå på skule, reinbeite som blir til vindparkar og kystlinjer som blir forsøpla i mangel på kloakksystem – slike konkrete problem frå det arktiske området var utgangspunktet for talentlaben.

I løpet av ei kort og hektisk veke i Nuuk svirra forslag til problemstillingar, idear og løysingar gjennom lufta. Ved eitt av dei femti gruppeborda sat Tara Botnen Holm, klimaforskar ved Vestlandsforsking. Ho var blant dei 200 som fekk plass, av til saman 1600 søkarar.

Arrangøren var den dansk-initierte, ideelle organisasjonen Unleash, som mobiliserer unge menneske til handling for å nå FN sine berekraftsmål. Nytenking på tvers av fag og bakgrunn står sentralt, og dei unge deltakarane jobbar i grupper med rettleiarar og dommarar tett på.

Sjølv om berre dei to beste ideane blir premierte og sikra oppfølging, er målet at alle dei gode tankane og skissene skal få eit framhald.

 

Gruppe i arbeid, unge menneske, klasserom
- Av og til godt å vere i eit miljø som er heilt nytt, og i ein setting der alle jobbar med det same målet og med stor energi, seier Tara om arbeidsforma på Unleash-laben. Foto: Tara Botnen Holm

 

Ti-timars høgttenking

I Nuuk møttest personar frå land rundt Nord-Atlanteren – dei nordiske landa, Canada og USA. Deltakarane var alt frå elevar og studentar til unge vaksne som jobba eller dreiv eige firma, innafor eit aldersspenn på 18 til 35 år. Alle vart plasserte i ei gruppe med nøye gjennomtenkt samansetjing.

At Tara kom heim med posar under auga, skuldast ikkje berre den lange reisa, men eit umåteleg intenst opplegg. Idéutviklinga gjekk over ti timar kvar dag, og gruppene kjempa med stadige fristar. I tillegg kom ei stor dose sosialisering, ikkje minst på kveldstid, sidan deltakarane sov fleire på same rom.

– Det er kjekt å kjenne på at ein har kapasitet til å jobbe så intenst, seier Tara.

Overkøyring av samiske interesser

Skuggesidene ved det grøne skiftet for norske samar var temaet Tara og gruppa hennar tok tak i. Fosen-utbygginga er blitt kritisert for å ha overkøyrt samars rettar, ettersom vindkraftutbygginga grip inn i samiske beiteområde. Med fleire liknande utbyggingar på gang, fryktar mange reindriftssamar at leveviset deira er truga i Noreg.

Foaje med mange unge menneske i samtale
Unleash-laben i Nuuk hadde 200 deltakarar som stadig måtte bryne seg på kvarandre og på kritiske dommarar. Foto: Tara Botnen Holm

– Vi snevra oss inn på prosessen der konsesjonar blir tildelte, og fann ut at ut at samane i dag har for lite høve til å medverke. Vi såg på ei ordning brukt i samband med abortlova i Irland, der ulike interesser blir representerte gjennom borgarpanel, fortel Tara.

Undervegs konsulterte gruppa tre ekspertar på området som Unleash stilte til disposisjon. Gruppa landa på eit forslag om at utbyggarar bør påleggast å utvikle ei kontrakt med dei som blir påverka av utbygginga og med styresmaktene. Der skal alle fordeler og ulemper fram i lyset. Grønland har eit krav om slike kontraktar.

Opna auga for Arktis

Som forskar på feltet klima og miljø, var Tara delt i synet på å fly 200 unge menneske til Grønland for å jobbe med berekraft. Samtidig såg ho verdien av å kome ut av det ho kallar «den akademiske bobla». Ved å vere i Nuuk, få eit glimt av den karrige, arktiske naturen og sjå øya på godt og vondt.

– Sjølv om ein kjenner til grønlendarane, så kjenner ein aldri godt nok til dei, seier Tara. Dei unge talenta fekk høyre at forskarar blir sett på som nokså fråkopla folk på øya. Det merka Tara seg til eventuelle forskingsprosjekt i framtida.

Gruppa hennar hadde elles tett kontakt med dei samiske deltakarane, ut frå temaet dei hadde valt. Dei fekk difor innblikk i korleis ein del av det samiske samfunnet ser på det norske storsamfunnet i samband med utnytting av naturressursane i nord.

– Denne opplevinga av eit tillitsbrot kan overførast til andre små lokalsamfunn utanfor Arktis. Vi veit jo at i det grøne skiftet, må naturen og lokalsamfunna bere ein stor del av byrden, seier Tara.

Ung kvinne ved utandørs vegg med gule lappar, idemyldring
Trehus med mørk himmel over, på Grønland, grønt nordlys på den blå nattehimmelen.

 

Stor energi

Ideen Tara var med på å utvikle, skal jobbast vidare med. Ein forskar ved Det syddanske universitet var interessert i å snakke meir med gruppa om treparts-kontraktar i forkant av naturinngrep i samiske område.

Førsteprisen i Unleash-samanheng, ei finansiering på 50 000 danske kroner, gjekk til ei gruppe som tok tak i at 12-åringar må flytte heimefrå for å gå på skule, med store følgjer for psykisk helse og tilhøyrsle blant ungdommar på Grønland. Også den nest beste gruppa sikra seg eit år med oppfølging for «Loopoop», eit innovativt toalett som sikrar at avfall blir ein ressurs.

At det ikkje blei Tara si gruppe som vann, har lite å seie.

– Eg er glad for at eg har fått prøve ein annan type problemløysing enn i kvardagen som oppdragsforskar. I tillegg fekk eg kontakt både med norske og nordiske forskarar, ein fot i Unleash-verda, og nye venskap, seier Tara.

– Av og til godt å vere i eit miljø som er heilt nytt, og i ein setting der alle jobbar med det same målet, og med stor energi.

By på Grønland fotografert frå utkanten, små hus og fjell
Tara opplevde Nuuk som ein by i rivande utvikling. - Eg er ganske sikker på at eg ikkje kjenner meg att om eg besøker byen om ti år, seier ho. Foto: Tara Botnen Holm