Robotar på veg inn i frukt- og bærnæringa

bær og robot

Om nokre år er det ikkje sikkert at det er menneskehender som haustar bringebæra på Vestlandet. Framsteg på felt som robotikk, stordata, plantevitskap og teknologi gjer det realistisk at robotar blir ein del av frukt- og bærproduksjonen. I mai inviterer Teknoløft Sogn og Fjordane til to dagars workshop om temaet, og til opning av eit testanlegg for robotar i Sogn.

I nasjonal samanheng ligg Vestlandet langt framme i frukt- og bærproduksjon, med sine regionspesifikke fortrinn. Samtidig har frukt- og bærdyrkarane i vest felles utfordringar som pandemien fekk tydeleg fram, mellom anna mangel på arbeidskraft i ein kort og intens sesong.

Middelaldrande mann med grått hår, skjegg og mørk skjorte
Ivar Petter Grøtte (Teknoløft/Vestlandsforsking)

– Dagens bær blir nesten utelukkande hausta av utanlandske sesongarbeidarar. Tilgangen på denne arbeidskrafta er ikkje sjølvsagt, seier Ivar Petter Grøtte ved Vestlandsforsking. Han driv sjølv med moreller i Lærdal i tillegg til å delta i prosjektet Teknoløft Sogn og Fjordane.

Omstillingar kjem

– Dei fleste bedrifter vil før eller seinare måtte omstille seg drastisk for å møte det digitale skiftet. Frukt- og bærdyrkarane er ikkje noko unntak, understrekar Grøtte.

I Teknoløft Sogn og Fjordane, eit seksårig forskings- og utviklingsprosjekt, samarbeider Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking med næringslivet. Eit viktig mål er å lette omstillinga bedriftene må gjennom, ved å la kunnskap, problemstillingar og kompetanse flyte mellom fou-miljøa og næringslivet. Å hjelpe vestlandsbøndene til å vere i forkant av den komande robotiseringa, er ein del av dette.

Opnar testlab

For å utforske dagens status for slike teknologiar, og spesielt relevansen for vestlandsdyrkarar, ønskjer Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Vestlandsforsking i samarbeid med lokalt næringsliv velkommen til ein to-dagars workshop i Leikanger og Lærdal 24. og 25. mai. Der håpar dei å treffe folk med ulike roller i frukt- og bærnæringa for å inspirere, informere og utveksle idear. Forskarane har invitert innleiarar som sit på ny kunnskap og eigne erfaringar knytt til robotar i landbruket. Dei vil òg demonstrere eit par slike robotar og sensorar på Njøs frukt- og bærsenter, der Teknoløft Sogn og Fjordane skal opne RoboVest testanlegg 24. mai.

Ung mann i dress og skjorte, smiler - robot bak
Martin Fodstad Stølen (Teknoløft/HVL)

– RoboVest er ein forsøksfasilitet eigd av HVL som vi set opp på Njøs. Her kan vi utforske korleis framtidas bringebærdyrking kan sjå ut på Vestlandet, med innslag av sensorar, robotikk, nye sortar, bruk av langskot (dyrking i potter), og gjennom dette truleg òg betre økonomi, fortel Martin Fodstad Stølen, førsteamanuensis ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag ved Høgskulen på Vestlandet.

Ein ny revolusjon i jordbruket

Om du ikkje heilt ser realismen i at små produsentar investerer i robotar, tenk om att:

– Vi ser for oss at den neste jordbruksrevolusjonen vil ha integrerte sensor- og robotsystem med ulik grad av sjølvstende. Desse vil informere, supplere og arbeide saman med menneskeleg arbeidskraft, forklarer Stølen.

Førebels er det snakk om droner og robotar som tek seg fram mellom bærbusker eller tre for å hente inn bildedata, sensorar som måler til dømes temperatur og fukt, og appar som gjer at dyrkarane enkelt kan koordinere og visualisere arbeidet. Om nokre år kan ein sjå for seg langt meir – at innhaustinga til dels blir overlaten til robotane.

Meiner robotikk kan blir avgjerade

Ved å ta i bruk robotar, trur forskarane at bærdyrkarane vil få fordeler som mindre miljøpåverknad og avfall, betre kvalitetskontroll, lågare lønskostnader og meir effektive verdikjeder gjennom prediksjon og nøyaktig registrering av avling. Men det kan vere meir som står på spel om vi spolar nokre år fram i tid.

– På lang sikt snakkar vi nok om eit vere eller ikkje-vere for frukt- og bærbøndene både i Norge og ellers i Europa – at dei som vel bort teknologien, tapar i konkurransen med dei som tek den i bruk, seier Stølen.

Program for 24.-25. mai

grøn robot i dyrkingstunnel, haustar frukt eller bær med armar
Å investere i robotar som skal hauste frukt eller bær, vil vere dyrt. Denne typen robotar er likevel ikkje dei dyraste. Pris heng tett saman med presisjonsnivået på oppgåvene roboten skal utføre, og frukt- og bærplukking treng ikkje vere på under millimeternivå. Prototype av plukkerobot fra Fieldwork Robotics under uttesting i Portugal i 2022. Foto: Fieldwork Robotics