Kalla inn som ekspertvitne i bitcoin-rettssak

Seniorforskar Svein Ølnes stilte 15. september som ekspertvitne i ei rettssak utanom det vanlege i Oslo tingrett. Saka har koplingar til det internasjonale bitcoinmiljøet og til eitt av internetts største uløyste mysterium: Kven skapte den digitale valutaen bitcoin?
For å forstå kvifor teknologiforskar Svein Ølnes skal vitne, må vi til det gåtefulle opphavet til bitcoin, den største kryptovalutaen, som vart lansert i 2008 og sett i drift i 2009. Ingen kjenner førebels identiteten til grunnleggaren, sett vekk frå at det må vere ein gåverik eller genial person med solid kjennskap til både programmering og økonomi. Då bitcoin først dukka opp i 2008, var det nemleg via ei e-postliste for personar med spesiell interesse for kryptografi. Avsendaren brukte pseudonymet «Satoshi Nakamoto».
– Noko som ikkje stemde
Sidan har fleire stått fram og hevda at det er dei som står bak bitcoin. For sju år sidan sleppte nettavisene Wired og Gizmodo nesten samtidig nyheita om at Satoshi Nakamoto etter alt å døme var den australske datavitaren og forretningsmannen Craig S. Wright. Etter først å ha nekta for det, stod han etter kvart fram og stadfesta at han var skaparen av bitcoin.
På dette tidspunktet var Svein alt tett påkopla det internasjonale bitcoinmiljøet, der mange no ønskte å få sanninga på bordet. Bølgjene gjekk høgt på Twitter.

– Få trudde Wright verkeleg kunne vere Satoshi Nakamoto. Det var noko som ikkje stemde, seier Svein. I 2016 stilte australiaren opp til ein avtalt test der to bitcoinekspertar sette han på prøve, med BBC og The Economist til stades. Dei to ekspertane let seg overtyde, men alt neste dag kom det fram at bevisa ikkje dugde.
Norsk lærar skulda for ærekrenking
Mange kalla no australiaren ein svindlar i dei oppheta Twitter-debattane, og her er vi ved kjernen i saka Svein skal vitne i: Australske Wright byrja i 2018-19 å gå til sak mot ein del av dei som hadde kritisert han offentleg. Blant desse er norske Magnus Granath, barneskulelærar og bitcoin-entusiast. Granath er skulda for å ha delt ærekrenkande innlegg om australiaren via den anonyme Twitter-profilen Hodlonaut.
Australiaren har, på si side, mykje å tape på at svindlarstempelet blir hengande ved han. Med ein rik, kanadisk støttespelar i ryggen, har han lansert sin eigen, oppgraderte variant av bitcoin, kalla «Bitcoin SV», der SV står for «Satoshi Vision».
Vitnar for å støtte kritikar
Rettssaka Svein vitnar i, er ein avleggar av dei britiske injuriesøksmåla – eit norsk «motsøksmål» frå Magnus Granath som skulle gjere det mindre sannsynleg at han vart dømd i det britiske rettsvesenet, der det ikkje skal så mykje til for å felle folk for ærekrenking. Planen var opphavleg å få ein norsk fastsetjingsdom før britisk rettsvesen går i gang med injuriesøksmålet. Slik håpte Granath å få fram at han berre var ein av fleire som ytra seg kritisk om Wright, og med god grunn. For å styrke denne påstanden, vart Svein kalla inn, på linje med andre kjennarar av miljøet.
– Granath sine advokatar vil ha fram at han har uttrykt den gjengse oppfatninga.
Strategien slo feil fordi Wright sine advokatar snevra inn den britiske injuriesaka til å gjelde ei enkelt Twitter-ytring og gjorde dei to sakene for ulike til at britiske dommarar må ta omsyn til kva utfallet blir i Oslo tingrett.
– Ei stor sak internasjonalt
Førebuingane til rettssakene har kosta Magnus Granath store summar, og han risikerer å bli dømd til å betale meir i form av erstatning til Wright. Samtidig har Granath mange bitcoin-entusiastar i ryggen, og kan vente seg hjelp frå andre som sympatiserer med han. Så langt har han takka nei til å trekke tilbake skuldingane han sette fram via Twitter for å få saka ut av verda.
– Å truge folk til å teie er ein del av australiaren sin taktikk, seier Svein.
Støttespelarar over heile verda har samla inn store summar for å hjelpe enkeltindivida som går offentleg ut mot han dei kallar «Faketoshi». For dei handlar saka om framtida til eit betalingssystem dei meiner gir håp for menneske i inflasjonsherja land, om å kunne "forsikre" seg mot tyranniske statsleiarar og overvaking og om generell fridom til individet.
– Dette er ei stor internasjonalt, i alle fall i bitcoinverda, understrekar Svein.
Handlar om ytringsfridom
Dette er ikkje første gong han stiller som ekspertvitne. I 2018 vitna han i bitcoinhandlar Sturle M. Sunde si sak mot Nordea. Kvifor vel han, som forskar, å bruke tid på å vitne i slike saker?
Spørsmålet er om vi skal godta at folk blir truga til tausheit, meiner Svein.
– Dette handlar om ytringsfridom og retten til å ytre seg utan å bli sett i store økonomiske vanskar. Craig S. Wright lever av merksemda han får som påstått Satoshi Nakamoto, så det beste ville nok vore å ignorere han fullstendig. Men det har vist seg vanskeleg, og då tykkjer eg vi må støtte dei som er villige til å stå heile løpet ut.