Nordic Education at the Frontline of Responsible AI (NordRAI)
Forskingsprosjektet NordRAI undersøker korleis generativ kunstig intelligens (GenAI) er endrar læring og undervisning i samarbeid i høgare utdanning i den nordiske regionen. Medan mykje av den eksisterande forskinga har hatt hovudfokus på korleis studentar nyttar GenAI individuelt for å støtte skriving,
problemløysing eller utforskande arbeid, flyttar NordRAI merksemda mot kollektive prosessar for kunnskapsbygging som skjer i samspel mellom medstudentar og forelesarar, og i aukande grad med bidrag frå GenAI-system. Prosjektet vil fylle eit kunnskapshol knytt til forståinga av korleis GenAI omformar roller,
ansvar og avgjerdsprosessar i gruppebaserte utdanningspraksisar. Det byggjer vidare på Stahl sin modell for samarbeid i kunnskapsbygging ved å integrere GenAI som ein dialogisk og semi-autonom aktør i pedagogisk samhandling. Denne vidareutviklinga reiser sentrale spørsmål om aktørar, forfattarskap, ansvarleggjering og dynamikk i samarbeid mellom menneske og KI i læringsmiljø.
Gjennom forankring i fleire kunnskapsgrunnlag vil prosjektets tilnærming til aksjonsforsking kombinere empirisk undersøking, teoriutvikling og praktisk endring. Basert på datamateriale samla inn gjennom deltakarbaserte designverkstader, intervju, spørjeundersøkingar og institusjonelle casestudiar i Danmark,
Finland, Noreg og Sverige, vil prosjektet utforske korleis studentar og fagtilsette erfarer GenAI som ein samarbeidande partnar. Særleg merksemd blir retta mot korleis desse erfaringane varierer med institusjonell kontekst, kjønn og profesjonell rolle, og eit interseksjonelt perspektiv på mangfold og inkludering vert
integrerte både i den empiriske analysen og i den vidare utviklinga av den teoretiske modellen.