– Vi veit for lite om korleis arealbruken vår påverkar naturen
– Vi treng meir heilskapleg kunnskap om korleis endringar i arealbruk verkar inn på naturen og om korleis vi kan innrette arealbruken vår for å løyse klima- og naturkrisa, seier seniorforskar Kyrre Groven. Funnet kjem fram i ei kunnskapsoppsummering Vestlandsforsking har gjort for Forskingsrådet.
Samfunnet vårt er svoltent på nytt areal. Vi bygger nye kjøpesenter, hyttefelt og vegar, og vi har eit industrielt landbruk og skogbruk som fører til uopprettelege endringar av naturlege økosystem. Summen av slike naturinngrep gjer at stadig meir areal endrar karakter frå vilt og naturleg til bandlagt for ulike menneskelege føremål.
Bakgrunnen for kunnskapsgjennomgangen er at arealbruksendringar utgjer det største trugsmålet mot naturmangfaldet, men vi veit for lite om følgjene for ulike naturtypar og om mekanismane bak. Arealbruksendringar spelar òg ei nøkkelrolle i høve til klimaendringar, både som årsak til klimagassutslepp, til dømes ved at myrar blir drenerte og sluttar å binde karbon, og som mogleg løysing på problemet.
Har oppsummert forskinga
I eit oppdrag for Noregs forskingsråd har Vestlandsforsking kartlagt og gått gjennom forskingsbasert kunnskap om samanhengar mellom arealbruk og arealbruksendringar i Norge og effektar på og utfordringar for naturmangfald, økosystemtenester, klimatilpassing, karbonopptak og -lagring.
Føremålet har vore å få fram kva forskinga seier om kor berekraftig arealbruken er i Norge, dilemma og konfliktar mellom ulike samfunnsomsyn, og løysingar, verktøy og utviklingsmuligheiter for ei arealforvaltning som tar omsyn til både klima og naturmangfald. Prosjektet Kunnskapsoppsummering om arealbruksendringar, naturmangfald og klima (Karnak) vart utført samarbeid med Miljøfaglig Utredning AS og biblioteket ved Høgskulen på Vestlandet.
– Arealforvaltninga er ikkje berekraftig
Forskingslitteraturen viser negative utviklingstrekk for bevaring av naturmangfaldet. Utfordringane ser ut til å vere særleg store i landbruket og skogbruket; i desse sektorane forsvinn det altså mest naturmangfald. Det er ikkje berre nedbygging av areal som trugar mangfaldet, men i vel så stor grad på kva måte areala vert forvalta på.
Det er ikkje berre nedbygging av areal som trugar mangfaldet, men i vel så stor grad på kva måte areala vert forvalta på.
Prosjektet har elles avdekt at det finst lite forsking som vurderer effektane arealbruken har på naturen som heilskap. Forskinga er prega av snevre problemstillingar, ofte med fokus på enkeltartar og små geografiske område. Det betyr at det store biletet sjeldan kjem fram. Det er mest dei direkte effektane av arealbuken faglitteraturen seier noko om, mindre om kva krefter som fører til at areal vert bygd ned eller nytta på ein lite berekraftig måte:
– Vi finn spesielt få publikasjonar som ser på korleis avgjerdsprosessar påverkar berekrafta, og her er kunnskapsbehovet ekstra stort, seier prosjektleiar Kyrre Groven.
Vi går glipp av det store bildet
Forskarane ser elles ein konflikt mellom den faktiske arealbruken og dei goda innbyggarane vil at areala skal levere.
Konfliktane oppstår fordi samfunnet ikkje har institusjonar som sikrar ei betre avveging mellom bruk av areal til produksjon av gode som kan omsettast i ein marknad, til dømes trevirke og tomter, og gode som ikkje blir omsett i ein markand, som naturmangfald.
– Få publikasjonar analyserer det store bildet, og endå færre som analyserer kva som skal til for å få til ei grunnleggande endring av styringssystemet for arealbruk, seier Groven.
Løysingsforslag hamnar i skuffen
Eit anna funn er at løysingar og verktøy i liten grad blir integrerte i praksis og politikk. Utviklingsmoglegheiter er òg eit perifert tema i litteraturen. Verktøy som skal støtte politikarane i avgjerdsprosessar, kjem sjeldan vidare enn til utviklings- og caseforsøksstadiet.
– Materialet vårt viser mangel på årsaksorientert fokus, og avdekker kunnskapshol om løysingar, verktøy og utviklingsmoglegheiter for meir berekraftig arealforvaltning.
Drøftinga munnar ut i konkrete tilrådingar der forskarane peikar på fire behov:
Meir overordna forsking på naturtilstand
Kriterium for berekraftig arealforvaltning
Meir tverrvitskapleg forsking om berekraftig arealforvaltning
Forsking om samfunnsomstilling som føresetnad for berekraftig arealbruk.