To store arrangement i mai: klimakonferanse og symposium om kunstig intelligens

Stordataforskarar ved VF
Leiande seniorforskar Rajendra Akerkar, seniorforskar Malin Waage og doktorgradsstipendiat Bjørn Christian Weinbach har planlagt symposiet SAID 2023 saman med ein større komité av samarbeidspartnarar på feltet kunstig intelligens, stordata og digitalisering. Dei ventar 55 deltakarar frå 12 land i Sogndal 9. og 10. mai, både forskarar og folk frå departement, helsesektoren og politiet. Foto: Idun A. Husabø

Vestlandsforsking står bak to større arrangement i Sogndal i mai. I tillegg til den nasjonale konferansen #Klimaomstilling 3.-4. mai, held instituttet si forskingsgruppe for kunstig intelligens og stordata eit internasjonalt symposium 9.-10. mai. Dit kjem fagfolk frå tolv ulike land.

Forskingsinstituttet har eit ambisiøst program for våren: I løpet av ei lita veke i mai skal to av forskargruppene samle tilreisande til større arrangement i regionsenteret.

– Det er flott at vi kan vere vertskap både for nasjonale og internasjonale arrangement her i Sogndal, seier direktør Anne Karin Hamre.  

Kvinneleg forskar
Forskar Tone Rusdal ved Vestlandsforsking står også i år for planlegginga av konferansen #Klimaomstilling.

Konferansen #Klimaomstilling2023 har Vestlandsforsking planlagt på vegne av fleire offentlege forvaltningsaktørar i fylket. Sogn og Fjordane var eit føregangsfylke når det gjaldt å førebu samfunnet på følgjer av klimaendringar, og samarbeidet gjennom ein partnarskap bar fleire frukter, mellom anna denne konferansen, som har eksistert i åtte år og lever vidare i det nye fylket Vestland.

Kort sagt er det ein møteplass der folk frå kommunar, fylkeskommunar, statlege forvaltningsorgan, akademia, organisasjonsliv og næringsliv som jobbar med klimaomstilling eller klimatilpassing, kan ta viktige diskusjonar og oppdatere seg på tema som er relevant for arbeidet deira.

Har tenkt nytt

Tone Rusdal, som er forskar innan klima og miljø ved Vestlandsforsking, har for fjerde året på rad leia prosessen med å planlegge konferansen. Etter pandemien ligg utfordringa i å gjere programmet så aktuelt og relevant at folk prioriterer å delta fysisk over to dagar i Sogndal. Det siste er ikkje like enkelt etter pandemien, sjølv om programmet byr på aktuelle problemstillingar og dyktige innleggshaldarar, som Kikki Kleiven frå Bjerknessenteret, Jon Bjartnes frå Verdas Naturfond og Simon Neby frå CET ved Universitetet i Bergen.

– Vi merkar at vi må jobbe hardare for å vise kva du får ved å delta fysisk, som gode diskusjonar i mindre grupper og nettverksbygging, seier Rusdal. For å utnytte at konferansen er fysisk og ikkje digital, har arrangørane lagt inn ei aktiv pause på ettermiddagen der dei tilreisande kan utforske nærområdet i lag, anten dei vil gå til dagsturhytta på Stedjeåsen, rusle langs Fjordstien eller vere med på joggetur til Barsnes.

Kunstnar som held performance lecture om økonomi
Kunstnaren Amund Sjølie Sveen held performance om økonomisk teori under kveldsprogrammet på #Klimaomstiling2023. – Klimaarbeidet engasjerer jo også folk som ikkje jobbar med klima til vanleg. Difor har vi i år eit kulturelt kveldsprogram der vi nærmar oss klimakrisa frå ein litt annan vinkel, seier arrangør Tone Rusdal. (Foto: Wolfgang Silveri/Steirischer Herbst)

 

Arrangørane har òg sett opp eit eige kveldsprogram som er ope for folk utanfrå. Her står kunstuttrykk knytt til klimakrisa sentralt, med bokbad, performance-foredrag og ein samtale om radikal klimaaktivisme.

– Dette trur vi òg har appell blant dei litt yngre, seier Rusdal, som håpar å sjå studentar og unge sogningar på hotellet om kvelden 3. mai.

Internasjonalt symposium

Ei lita veke etter klimakonferansen gjer ein annan del av instituttet seg klar til å ta imot internasjonale gjester frå tolv ulike land. Gjestene er fagfolk og ekspertar på ulike sider ved kunstig intelligens, data og digitalisering og kjem til Sogndal for å delta på symposiet SAIDD 2023 under leiing av professor Rajendra Akerkar.

Symposiet kjem i stad fordi forskargruppa til Rajendra har fått midlar frå Forskingsrådet for å byggje nettverk og fremje utdanning på feltet sitt gjennom prosjektet Intpart DTRF.

Forskar innan stordata
Leiande seniorforskar Rajendra Akerkar ser fram til å samle fagfolk og ekspertar innan kunstig intelligens, stordata og digitalisering i mai. (Foto: Idun A. Husabø)

Dei rundt 55 deltakarane kjem til Sogndal frå land som USA, Italia, Canada, Japan, India, Kina, Ukraina, Nederland, Slovenia, Tsjekkia, Storbritannia og Noreg.

Over halvparten av deltakarane er forskarar som kjem for å dele forskingsfunn og utveksle faglege idear og perspektiv med fagfellar frå forskingsfeltet.

– I tillegg til forskarar har vi deltakarar frå helsesektoren, norske departement og politiet, seier Rajendra Akerkar.

Midt i ein digital revolusjon

Kunstig intelligens og stordata er på god veg inn i fleire samfunnssektorar, og i forskingsfeltet til Rajendra Akerkar er det vanleg å snakke om ein pågåande «digital revolusjon» eller «transformasjon» som vil merkast i kvardagen vår i form av nye verktøy, system og tenester.

Men for dei som deltek på symposiet, handlar det ikkje om den mykje omtalte språkmodellen ChatGPT og liknande konkurrentar. I staden dreier det seg om korleis det forskarane kallar «disruptiv teknologi», altså kunstig intelligens og store datamengder, best kan utnyttast for å løyse store samfunnsutfordringar.

– Sett på spissen kan ein seie at medan ChatGPT skapar problem, er vi ute etter å løyse problema, spøker Akerkar.

Ansvarleg kunstig intelligens

Symposiet går over to dagar, der den første dagen er sett av til aktuelle tema i skjeringspunktet mellom forsking og samfunn. Kunstig intelligens-utviklar Trym Holter skisserer kor vi står i Norden når det gjeld kunstig intelligens nett no, medan Jasmien César frå MasterCard Belgia gir deltakarane innblikk i EU si nye lovgjeving på feltet. At kunstig intelligens bør brukast med omhug og varsemd, kjem fram i innlegget til professor Virginia Dignum frå Umeå universitet, som er verdsleiande i såkalla ansvarleg kunstig intelligens.

Den andre dagen byr på vitskapleg oppdatering frå inviterte ekspertar, og eit stort namn er Kathleen Carley frå Carnegie Mellon University i USA. Ho er professor i sosial cybersikkerheit.

– Dette er faktisk eit omgrep ho har etablert. Carley er sentral når det gjeld hatprat og netthets, som vi utviklar verktøy for å stoppe gjennom forskingsprosjektet SOCYTI, seier Akerkar.