Frå aske til biokol – moglegheitsstudie for etablering av sirkulær verdikjede for bioavfall i Sogn (Føniks)

Simas IKS handterer store mengder biologisk nedbrytbart avfall (bioavfall) for 7 kommunar. Matavfallet vert kompostert i Festingedalen, medan store mengder bioavfall vert sendt med langtransport til forbrenning og energigjenvinning i Østfold/Sverige. Denne handteringa er ikkje i tråd med berekraftsmåla eller selskapet sine strategiske mål, sidan restressursar i avfallet ikkje vert utnytta optimalt, handteringa er kostbar og slepp ut store mengder klimagassar. Simas vil difor sjå på moglegheiter for å utvikle ei ny sirkulær verdikjede for bioavfall i regionen, ved å produsere biokol ved pyrolyse. Biokolet kan blandast med kompost, og kombinasjonsproduktet kan brukast til jordforbetring, klimatiltak/karbonlagring og klimatilpassing i grøntanlegg, hagar og landbruksjord. Det er behov for eit forprosjekt, som kan skaffe til vege nødvendig kunnskap om potensial, drivarar og barrierar for produksjon og bruk av biokol i regionen. Det er også behov for FoU for å sikre at ei slik omstilling faktisk gjev ein klimagevinst og ei meir berekraftig utnytting av bioavfallet. Vi vil undersøke om biokol kan skape synergiar i sirkulære verdikjeder i regionen, ved auka avkastning/verdiskaping i landbruket eller fungere som langvarig karbonlager og klimatilpassingstiltak i landbruksjord og grøntareal. Vi vil bruke forenkla livsløpsanalyse (LCA) for å samanlikne miljøpåverknad og klimagassutslepp ved ulike handteringsløp for bioavfallet til Simas. Forprosjektet vil også gjere ein litteraturanalyse for å finne teoretisk karbonlagringspotensiale til biokol frå ulike bioavfall og produksjonsmåtar, for å estimere nytteverdien ved bruk av biokol i typiske jordsmonn ein finn i Vestland fylke. Dette er viktig for å kunne stipulere klimagevinsten verdikjedeaktørar vil ha ved bruk av biokol til ulike formål. Resultata i FØNIKS, vil vere avgjerande for valet om å gå vidare med eit hovudprosjekt og vidare planar om ein fullverdig sirkulær økonomi for bioavfall og andre avfallsressursar i regionen.

I media:

Porten.no

Sognavis.no

Simas.no

Vestlandsforsking.no-aktuelt

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Simas IKT
I samarbeid med:
Simas IKT
Kunnskapsparken Vestland
Sogn Jord- og Hagebrukskule
Statens landbruksrådgjeving Vestland
Statsforvaltaren i Vestland
NIBIO
Prosjektnummer:
6576
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar: