Forskarar ser lyst på biokol-produksjon i Sogn

To kvinner med biokol i små glas står framfor skiltet til Vestlandsforsking
Torunn G. Hønsi (Vestlandsforsking) og Dagny Ugulsvik Alvik (Simas IKS) med biokol produsert av avfall frå Sogn. Foto: Astri Knudsen

Vestlandsforsking ser store fordeler i å starte med produksjon av biokol i Sogn, etter å ha utgreidd spørsmålet for avfallsselskapet Simas IKS.
– I lågutsleppssamfunnet vi skal rigge det neste tiåret, er det biologiske avfallet vårt for verdifullt til at vi kan køyre det til forbrenning i Sverige, seier prosjektleiar Torunn G. Hønsi ved Vestlandsforsking.

Dei sit på ressursar som kan bli til svart gull, og dei veit det.

Kvar dag køyrer fullasta, raude bosbilar inn til Simas IKS sitt anlegg i Festingdalen på Kaupanger. Med seg har dei mellom anna biologisk nedbrytbart avfall frå dei sju kommunane selskapet dekkjer. Matavfall og ein del reint trevirke komposterer dei i Festingdalen, men ein heil del av denne gullkanta ressursen blir køyrt Sverige, der det går til forbrenning og energigjenvinning.

Vurderer lokal satsing

Spørsmålet om å satse på biokol har hengt i lufta ei stund, men har fått vind under vengene denne hausten. Dersom det kan gjerast på ein berekraftig og lønsam måte, er Simas nemleg interesserte i å utnytte det biologisk nedbrytbare avfallet lokalt. Biokol har potensial til å bli eit nytt forretningsområde, og Simas leikar med tanken på å bygge eit produksjonsanlegg i Sogn.

Men fordi dei har mangla svar på mange spørsmål, ikkje minst om kor vidt biokol-produksjon i Sogn kan ha eit fornuftig klimarekneskap, har Simas engasjert forskarar for å få meir kunnskap på bordet. Regionalt forskingsfond Vestland har løyvd midlar til forprosjektet, som vart runda av i november.

Illustrasjon av Fugl Føniks i svart og orange
Fugl Føniks er eit fabeldyr frå egyptisk mytologi og eit symbol på gjenføding. Akkurat som "unyttig" avfall kan bli til nyttig biokol, brann fuglen opp og blei til oske, men av oska steig det ein ung, ny fugl. Prosjektet er difor oppkalla etter fabeldyret. (Illustrasjon frå Pixabay)

Forprosjektet Føniks har gått over ti månader. Vestlandsforsking har drege stor nytte av samarbeid med Simas IKS, Kunnskapsparken Vestland, Sogn Jord- og Hagebrukskule, Statens landbruksrådgjeving Vestland, Statsforvaltaren i Vestland og NIBIO.

Eit kinderegg for klimaet

Biokol ser til forveksling ut som det du tenner på i kolgrillen din – svart og kompakt. Det blir til ved ei styrt, ufullstendig forbrenning som kallast pyrolyse, og har unike eigenskapar: Det er stabilt og rikt på karbon. Faktisk held det på mesteparten av karbonet sitt i minst 100 år. Med andre ord: veldig bra for klimaet.

Og i ei framtid der vêret kan vere bonden sin fiende, kjem ei anna side ved biokolet til nytte: Det ligg i åkeren som ein svamp, klar til å hjelpe både mot flaum og tørke.

– Biokol er slik sett eit kinderegg for bonden og klimaet: Det gir betre agronomi, samtidig som det fangar og lagrar karbon og er eit klimatilpassingstiltak, forklarer Hønsi.

Kan spare store utslepp

Talfesting av avfallsmengder og potensialet for karbonlagring er viktige element i rapporten Vestlandsforsking nyleg overleverte til Simas.

– Skal satsinga vere berekraftig og framtidsretta, må potensialet for karbonbinding og energiutnytting vere stort, forklarer Hønsi.

No har svaret førebels fått to strekar under seg: Set ein i gang lokal produksjon av biokol  frå alle bioavfallsfraksjonar, vil det gje ei årleg netto «sparing» på rundt 10 0000 tonn CO2-ekvivalentar som kan bindast og lagrast i jordsmonnet her i Sogn.

Dette svarer til det årlege utsleppet av klimagassar frå jordbruket i kommunane Aurland og Lærdal.

– Med andre ord er potensialet for å bruke biokol for å få ned utsleppa frå jordbrukssektoren svært stort, slår Hønsi fast. I tillegg kan biokolet ha andre bruksområde: det kan tilsettast i betong og asfalt, men også brukast til å filtrere drikkevatn eller reinse sigevatn frå deponi.

Kvinne i svart jakke og hue sit i ein haug med treflis som ho viser fram i hendene
Hogstavfall og trevirke frå rydding langs vegane er ein spesielt lovande ressurs for biokol-produksjon i Sogn, seier forskar Torunn Hønsi. (Foto: Astri Knudsen)

Trevirke særleg interessant

Kjelda til denne karbonsparinga er rundt 20 000 tonn bioavfall som Simas samlar inn i dag eller kan samle inn gjennom nye ordningar: matavfall, trevirke frå vegrydding, hage- og park-avfall, oppdrettsanlegg og slakteri.

I teorien kan dette gje eit biokol-utbytte på 6000 tonn for Simas per år.

– No er ikkje tanken at alt avfallet skal gå inn i biokolproduksjon; SIMAS vil kanskje halde fram med kompostering av matavfall og kombinere biokol og kompost i eit nytt superprodukt, seier Hønsi.

Den mest lovande avfallstypen forskarane har funne, er trevirke frå vegrydding.

– Dette er ein ressurs som i dag ligg og rotnar i vegkantane våre, seier Hønsi.

Passar til vestlandsjord

Regionen vår har eit stort potensial for biokol-produksjon, meiner forskarane. Ein annan fordel med Sogn er at biokol er ein god match med vestlandsjord. Med dei rette støtteordningane, ville landbruket her dra stor fordel av lokalprodusert biokol, forklarer Hønsi.

– Biokol har høgast agronomisk verdi og best klimanytte i kalde og sandrike jordsmonn, som ein mellom anna finn i Lærdal.

Varmen bør utnyttast

Et nytt pyrolyseanlegg i Sogn bør også lokaliserast slik at overskotsvarmen kan brukast til oppvarming av vatn, bustader eller næringsbygg. Energien frå eit slikt produksjonsanlegg er klimanøytral, ettersom råstoffet er avfall og trevirke.

– Det betyr at energien kan hjelpe næringsliv og private hushald til å kutte klimafotavtrykket sitt, seier Hønsi.

Hjullastar framfor raudt industribygg på Vestlandet, flyttar på haugar av svarte klumpar som er biokol
Simas IKS har prøvd ut pyrolyse i liten skala. Avfallsselskapet dekkjer sju kommunar, og vurderer oppstart av eit produksjonsanlegg i Sogn. Her frå Festingdalen på Kaupanger. (Foto: Simas IKS)

Det trengst gulrøter

Skal verdikjeda for produksjon og bruk av biokol bløme, må kunnskap om biokol spreiast og delast til bøndene og offentlege verkemiddel må på plass, meiner forskarane bak rapporten. – Støtteordningar bør på plass for å hjelpe bøndene med å gjere eit agronomisk grep som også vil vere eit viktig klimatiltak som gagnar samfunnet, understrekar Hønsi.

Ho og dei andre forskarane bak rapporten tilrår også fleire andre tiltak og støtteordningar som kan gjere det interessant å utnytte avfall frå vegrydding og hogst i Sogn til biokol. Dei ser til dømes også eit behov for at offentlege myndigheiter går gjennom regelverket for produksjon og bruk av biokol.

– Mange sektorar har mykje å vinne på å omfamne biokol, avsluttar forskaren.

Les Simas IKS si omtale av rapporten