Kunnskapsoppsummering om arealbruk, naturmangfald og økosystemtenester

Av:
Rapport
Id:
2024

Først i seinare år har det blitt sett søkelys på at klima- og naturkrisene er uløyseleg knytte til kvarandre og må handterast under eitt. Denne erkjenninga spring i stor grad ut frå kunnskap om arealbruk. Arealbruksendringar utgjer det største trugsmålet mot naturmangfaldet på kloden, og gir seg utslag både i bestandsnedgang, utrydding av artar og uoppretteleg endring av heile økosystem.
Landbruk, skogbruk og annan arealbruk står for ein stor del av dei menneskeskapte klimagassutsleppa. Tiltak i denne sektoren har potensial for å lagre mykje karbon, men slike tiltak kan også, om dei blir gjort på feil måte, forsterke konfliktar mellom arealbruk og vern av leveområde, klimatilpassing, naturmangfald og andre økosystemtenester. Areal spelar også ei nøkkelrolle ved utbygging av ulike former for fornybar energi.
Den forskingsbaserte kunnskapen om desse samanhengane er i vekst, men det manglar ein oversikt over tilgjengelege arbeid på området, og dermed også over kunnskapshola. Det er mot denne bakgrunnen vi må sjå Forskingsrådet sitt ønske om denne kunnskapsoppsummeringa.