Aktuelt-arkiv

  • Foto av kvinneleg artist i svart/kvitt

    Ein verbal og musikalsk appell frå klimaaktivist og artist Marte Wulff er blant det vi byr på under årets utgåve av #Klimaomstilling 29. april, der vi òg rettar blikket mot haustens stortingsval og det som kjem etter pandemien. 2021-konferansen er den sjette vi held saman med andre som jobbar med klima i Vestland.

  • Foto av kvinne med jakke og skjerf. Bakgrunn: snø

    Kven lagar reglane for dataspeling når mamma og pappa bur i eit anna land? I eit nystarta prosjekt er temaet spelevanar hos unge, ikkje-vestlege menn utan familie i Norge. – Vi veit lite om korleis denne gruppa har det, seier prosjektleiar Gilda Seddighi ved Vestlandsforsking.

  • Direktør (mann) framfor logoen til verksemda si

    Klimatilpassing og samarbeid med offentlege verksemder er ein fellesnemnar for fleire av dei nye FoU-prosjekta Vestlandsforsking startar opp i 2021. Også samarbeid med næringslivet i Vestland om innovasjon går att. Tematisk spenner prosjekta frå biokol og kommunale klimabudsjett til dataspeling blant einslege, unge menn med innvandrarbakgrunn. Direktør Anders-Johan Almås gler seg over rekordhøg aktivitet.

  • Tre kvinner og ein mann står i sola og ser i kamera

    Sogndal kommune og Vestlandsforsking fekk god utteljing då Regionale forskingsfond Vestland tildelte midlar tidleg i 2021. Begge er med i to av dei fem forskingsprosjekta som fekk støtte, og skal samarbeide om å løyse utfordringar mange norske kommunar møter på i klimaarbeidet.

  • Hand med svarte klumpar frå eit glas

    Har du bioavfall som du ynskjer å utnytte betre? Eller er du nyfiken på korleis ein kan dra nytte av biokol til jordforbetring og klimatiltak i landbruket eller bygg- og anleggsnæringa? Eit ope nettmøte 26. mars kan gje deg nyttig innsikt.

  • Portrett av Agnes Brudvik Engeset

    – Denne doktorgraden spring på eit vis ut av somrane i heimbygda mi, seier forskar Agnes Brudvik Engeset. I februar disputerte ho ved NTNU og blei den første ved Vestlandsforsking som tek ein doktorgrad med rein reiselivstematikk.

  • Jølstravatnet

    For å sikre ei berekraftig samfunnsutvikling, må både klimaomstilling og klimatilpassing vere godt integrert i regionale og lokale planprosessar. Men innbyggjarane må òg trekkast med, både for å få fram viktig lokalkunnskap og for å sikre forståing og engasjement for ulike tiltak. Dette står sentralt i eit nytt prosjekt med deltakarar frå heile Vestland.

  • I reklamen for energieffektiv etterisolering blir vi lova å spare nok penger i fyringsutgifter til å kunne reise ein ekstra gang til Syden kvart år.

  • I prosjektet "Sivil beredskap og klimasårbarheit" samarbeider Vestlandsforsking med Universitetet i Twente i Nederland. Som eit resultat av dette samarbeidet deltok forskingsleiar Carlo Aall frå Vestlandsforsking som førsteopponent på doktrogradsdisputasen til Maya van den Berg.

  • I ein kronikk i Sogn Avis skriv forskar Eivind Brendehaug at midlar til utviklingstiltak i verneområde er avgjerande for å skape vern på lokale premiss.

  • Forskarane Øyvind Heimset Larsen, Ingjerd Skogseid, Jon Gunnar Nesse og Torbjørn Årethun i VRI S&F er medforfattarar i to artiklar publisert i siste nummer av PLAN, tidsskrift for samfunnsplanlegging, bolig og byplan og regional utvikling.

  • På årssamlinga i det nasjonale forskningssenter for miljøvennlig energi CenSES (Centre for Sustainable Energy) i Oslo 9-10 desember innleia professor Carlo Aall frå Vestlandsforsking om årsakene til den overraskande reduksjonen i energibruk i hushaldningane som har skjedd sidan 1990.

  • Stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn, besøkte i dag Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking.

  • IT-forum Sogn og Fjordane arrangerte nyleg studietur til India . 12 deltakarar frå offentleg sektor, privat sektor og forsking brukte ei veke til å gjera seg kjende med indisk IT-industri og IT-utvikling generelt i India.

  • Bitcoin er nettpengar ingen veit kor kom ifrå. Dei oppstod ut frå mistillit til det internasjonale pengesystemet i kjølvatnet av finanskrisa.

  • Eivind Brendehaug holdt innlegg på eit seminar som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane arrangerte på Sandane 21. november.

  • Midt i alle meldingane om ekstremvêr, skred og flaum arrangerer Vestlandsforsking prosjektsamling i prosjektet "Arealplanlegging og beredskap for fremtidens klima - Arealklim" på Nordfjordeid 18. og 19. november.

  • Tema for konferansen i år var "Ny mobilitet i bygdene". Fire forskarar frå Vestlandsforsking hadde presentasjonar på konferansen i Trondheim 4. - 5. november.

  • Vestlandsforsking er medarrangør i den andre internasjonale konferansen i Freiburg (Tyskland) om dei psykologiske utfordringane ved å legge om til berekraftig turismemobilitet.