Anne Karin Hamre ny direktør ved Vestlandsforsking

Smilande, langhåra kvinne i raud cardigan med bygardar i bakgrunnen og blå himmel

I januar 2022 tek Anne Karin Hamre over som direktør for Vestlandsforsking. Hamre er tidlegare fylkesmann i Sogn og Fjordane og kjem frå stillinga som ekspedisjonssjef i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
– Eg gler meg til å leie eit sterkt forskingsinstitutt som er i god vekst, seier Hamre.

Yngre mann i dressjakke og skjorte, ser rett i kamera

Aleksander Øren Heen (på biletet) er styreleiar i instituttet og har vore aktivt med i rekrutteringsprosessen. Han er svært nøgd med at Anders-Johan Almås får ein slik etterfølgjar når han gir seg i direktørstillinga ved årsskiftet.

– Styret er trygg på at Anne Karin Hamre vil fylle rolla som direktør på ein god og tillitvekkande måte, og ho vil bidra med eit stort nettverk og kunnskap om offentleg forvaltning. Ho har og lang leiarerfaring frå ulike organisasjonar, seier Heen.

Lang erfaring frå offentleg sektor

Anne Karin Hamre er 56 år og kjem frå Leikanger i Sogn. Ho er utdanna statsvitar og har arbeidd både som journalist og som leiar i offentleg sektor. Mellom 1998 og 2018 var ho tilsett hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, først som rådgivar, seinare administrasjonssjef og frå 2008 som assisterande fylkesmann.

Frå 2011 til 2018 var ho fylkesmann for Sogn og Fjordane, før ho gjekk over i stillinga som ekspedisjonssjef for regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Hamre har òg leidd eit nasjonalt utval og vore styreleiar for Veterinærinstituttet.

Les meir på Allkunne.no

– Forskar på viktige utfordringar

På telefon frå Oslo fortel Hamre at ho tykkjer Vestlandsforsking har vore framtidsretta i val av forskingsområde. Instituttet var tidleg ute med å satse på klimaomstilling og berekraft og har i dag tre hovudområde: klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn.

– Desse områda heng godt saman med dei utfordringane vi som samfunn må jobbe med, seier Hamre. I tillegg til klimaendringane, er Hamre oppteken av den demografiske endringa Norge er på veg mot, med langt fleire eldre i høve til folketalet:

– I tillegg til at vi treng fleire tilsette innan helse og omsorg, betyr det at vi må ta i bruk ny teknologi og jobbe smartare. Vestlandsforsking er blant forskingsmiljøa som bidreg med ny kunnskap og innovasjon på viktige område som helse og omsorg, seier Hamre.

Samarbeid innan IT og klima

Breie, regionale samarbeid er ein annan styrke Hamre trekkjer fram ved instituttet ho skal leie frå 2022 av. Ho har sjølv lang erfaring med å samarbeide med Vestlandsforsking, både som fylkesmann og i andre stillingar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Ho held fram to samarbeidsfelt som spesielt vellukka: ein mangeårig regional partnarskap på området klimatilpassing som la grunnlaget for ein årleg, nasjonal konferanse i Sogndal, #Klimaomstilling. Konferansen blir i dag organisert av Vestlandsforsking, i samarbeid med offentlege og private aktørar over heile Vestland.

Hamre trekkjer òg fram IT-forum Sogn og Fjordane, der Vestlandsforsking i ei årrekkje utgjorde sekretariatet.

– IT-forum lukkast mellom anna med å løfte kommunane i flokk på område som e-helse, velferdsteknologi og digitale læringsplattformar i skulen. Dette er noko resten av landet har lagt merke til – at aktørane i fylket jobba i lag og fekk til store, felles løft saman med kommunane og andre verksemder, seier Hamre.