– Verda manglar ein plan B. Den må på plass.

Portrett av mann med skjorte og briller ute
På tide med ein plan B i klimakrisa - dei teknologiske løysingane kan ikkje stoppe farlege klimaendringar, meiner Noradapt-leiar og berekraft-professor Carlo Aall ved Vestlandsforsking.

Ekspertane i FNs klimapanel melder at det ekstreme framtidsvêret er her alt. Det vil dessutan bli verre. I det den sjette hovudrapporten blir lagt fram, meiner klimaforskar Carlo Aall vi må innsjå at verda neppe greier å handle i tide.

I rapporten FNs klimapanel la fram 9. august har naturvitskaplege ekspertar gått gjennom all den oppdaterte klimaforskinga på sine område. Dei konkluderer med at det no er endå sikrare at menneskeskapte klimaendringar fører til meir ekstremvêr – raske, utbreidde og stadig sterkare endringar. Bevisa er med andre ord mykje sterkare enn i førre hovudrapport.

Carlo Aall er leiar av Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt) ved Vestlandsforsking og professor i berekraft ved Høgskulen på Vestlandet. Han les dei nye konklusjonane med stor uro, og merkar seg at klimapanelet er utydelege på realismen i at verda snur seg rundt og set inn nødvendige tiltak.

Gjengitt av NRK, slår panelet fast at det vil vere svært krevjande å nå måla i Parisavtalen om å halde global oppvarming under 2 grader, og helst under 1,5 grader, «men ikkje umulig». At det framleis finst håp om å unngå farleg temperaturauke, understreka også klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn under pressekonferansen til Miljødirektoratet.

– Å la folk tru at det «kan gå» når situasjonen i verda er som den er, synst eg er feil, seier Aall.

Tid for kutt i forbruket

Aall trur at det med dagens politiske innretning berre er teoretisk mulig – og ikkje praktisk mulig – å få til klimakutta som skal til. Difor er det viktig at vi skrur opp satsinga på tilpassing av samfunnet – altså gjer det meir robust overfor flaum, tørke og andre utslag av ekstremvêr, slik mellom anna Tyskland blir skulda for å ha nedprioritert, med fryktelege resultat denne sommaren.

Det viktigaste no er likevel at verda får ned klimautsleppa ved å ta tak i den vestlege livsstilen bygd på skyhøgt forbruk. Dette kallar Aall kallar «plan B», ettersom han meiner plan A, den noverande linja, har spelt falitt.

– Plan A er teknologiske løysingar som el-fly og CO2-fangst. Alt tilseier at desse løysingane ikkje kjem fort nok eller ikkje vil monne, seier Aall.

Kva legg han så i plan B? Aall meiner vi må orke den politiske belastninga knytt til å skru ned forbruket i den rike delen av verda. Tida med covid-19 har vist oss at vi kan, meiner han:

– Eg trur det er politisk mogeleg. Pandemien har vist oss at folk godtek drastiske tiltak berre dramatikken er stor nok. Samtidig er det  nesten ingen politiske parti som har våga å nærme seg ein slik plan B så langt i valkampen, seier Aall.

På kort sikt: problem for landbruk og energi

Erfaringane frå sommaren 2021 viser igjen at Norge ligg langt etter når det gjeld ekstremvêr og tilpassing av samfunnet. Etter ein uvanleg tørr sommar i delar av landet, kan det fort følgje ein tørr haust. Då trur Aall at landbruksnæringa vil slite med å få hjelp frå nabolanda, slik tilfellet også var under tørken i 2018, for også landa rundt oss har fått lite væte.

At det har regna lite, vil òg få straumprisane til å stige i haust, trur forskaren. Situasjonen vil i så fall illustrere eit fagleg poeng frå forskinga ved Vestlandsforsking og Noradapt: at også eit samfunn tufta på fornybar energi vil vere sårbart for klimaendringane – kanskje i større grad enn samfunn som i stor grad er baserte på fossile energikjelder.

– Dette må vi òg førebu samfunnet vårt på. Vi kan ikkje berre pøse på med meir fornybar energi-produksjon for å sikre oss mot flaum eller tørke, seier Aall.

– Å manipulere klimaet bør ikkje vere plan B

I møte med dei uhyggelege framtidsutsiktene om 3-4 graders global oppvarming ved slutten av hundreåret og endå meir uhyrleg ekstremvêr enn det sommaren 2021 hadde å by på, er det fristande å prøve å trekke i ein global naudbrems.

Å tukle med atmosfæren, gjødsle algane i havet eller skape eit kunstig skylag ved å sleppe bomber i vulkankrater, blir på engelsk kalla geo-engineering.

– Dette er ein type naudplan som ingen tør å snakke om, og eg meiner vi gjer klokt i å legge dei heilt vekk, seier Aall.

Det han vil ha i staden, er dei smertefulle kvardags-endringane som forskinga har vist effekten av: færre flyreiser, færre bilar, mindre kjøt på middagstallerkenen.

– Dette er tiltak vi kjenner effekten av, seier Aall.