– Ein dag for å bygge instituttkultur

To skjermar i eit auditorium der det står ein mann fremst. Blå, vakre motiv på skjermane frå Arktis (identiske). Mørk sal.
Polfarar Børge Ousland tok tilhøyrarane med på ei reise over polisen då han heldt foredrag på Vestlandsforsking-dagen 2021. Ekspedisjonen hausten 2019 innebar å krysse Nordpolen. (Foto: Idun A. Husabø)

Polarekspedisjonar, forskingsetikk og mangfald og likestilling i akademia var ingrediensane i Vestlandsforsking-dagen 2021. – Eit viktig mål for denne dagen er å bygge instituttkultur, seier direktør Anders-Johan Almås.

Det summar i auditoriet i det forskarar og andre interesserte frå campus-miljøet i Sogndal finn plassane sine. Snart skal dei få innblikk i ein moderne ekspedisjon til ein av stadene på jorda der ingen av dei kjem til å setje sin fot: Nordpolen.

Tilhøyrarar i auditorium, i 20-40-åra
Publikum omfatta både tilsette og andre frå Campus-miljøet. På biletet, frå venstre: Gilda Seddighi, Tara B. Holm, Monica Brugrand. Framme: Synnøve Beitnes, Karen R. Moberg, Daniel Furberg, Tone Rusdal og Halvor Dannevig. (Foto: Idun A. Husabø)

Naglesprett, djup frustrasjon og vill glede skal dei likevel få ein smakebit av, ettersom Børge Ousland viser det eine storslegne landskapsbiletet etter det andre, følgt av nærbilete av praktiske realitetar som forfrosne tomlar, sprukne sledar og slunkne forsyningar. Einsemda, det bleike lyset over isen og det langsommelege strevet vart brote opp av eit uventa innslag i ekspedisjonen: I det Ousland og turfølgjet nådde polpunktet etter tre og ein halv månader med slit, gjekk dei på ein vaskekte, styrtrik oljesjeik som akkurat hadde landa med helikopter.

Kunsten å gå vidare

Kva forskarar kan lære av ein polfarar? Ousland sette ord på verdien av å planlegge grundig, på hardt slit og botnlaus bekymring, men ikkje minst måtar å motivere seg på når ein går gjennom store, langdryge prøvelsar og støyter på problem som får ein til å kjenne seg heilt knekt. Gjenkjenninga var der for ein kvar forskar som har fullført eit mangeårig doktorgradsløp, opplevd bitre nederlag i søknadsprosessar eller gått vidare med ein vitskapleg artikkel trass fleirfaldige rundar med fagfelle-kritikk – og nådd målet sitt.

– Det er lov å deppe litt, men så må ein raskt i gang med å finne løysingar, sa Ousland. Trass i at han fyller 60 neste år, var ekspedisjonen Ousland fortalde mest om så nær i tid som hausten 2019. Det var då han kryssa polhavet på ski med Mike Horn frå 85 nord, passerte polpunktet og gjekk sørover til iskanten nord for Svalbard, der dei vart henta i båt. At isdekket både er tynnare og mindre utstrekt enn før, var eit inntrykk Ousland la stor vekt på. Også tapet av breane på fastlandet burde bekymre folk meir, meinte han.

Auditorium og to identiske skjermar, der mann held foredrag. Motiv på skjerm: mann i polarutstyr med rim i skjegget, hette og hovudlykt
Sjølv om polarekspedisjonar er hakket meir ekstreme enn forskingsprosessar, kjende mange seg att i Ousland si skildring av kor tøft det kan vere å prestere over lang tid utan å gje opp. (Foto: Idun A. Husabø)

– Det er nok ikkje alle som har innsett at klimaendringane vil gje Norge ein temperaturauke på rundt 4 grader, sa Ousland.

For reiselivsforskarane var det elles interessant å få eit innblikk i Ousland sitt prosjekt på øya Mannshausen i Steigen, som polfararen kjøpte for 11 år sidan og utvikla til eit landskapshotell i samarbeid med Tromsø-arkitekten Snorre Stinessen.

– Forskingsetikk er eit personleg ansvar

Mann framfor lerret, held foredrag. Eldre.
Forskingssektoren har eit sett med heilt eigne moralske og etiske utfordringar, godt skildra av Dag Slotfeldt-Ellingsen, tidlegare direktør i Sintef og forfattar av ei fagbok om forskingsetikk.

Dag Slotfeldt-Ellingsen har arbeidd som forskar, vore direktør i Sintef og vore medlem av og leidd fleire styrer, råd og utval i norsk forsking. Mellom anna har han site i Nasjonalt utvalg for gransking av redelighet i forskning. I 2020 gav han ut boka «Forskningsetikk. Yrkesetikk ved forskningsvirksomhet på Universitetsforslaget».

Innlegget hans spende vidt, men kjernen var korleis forskarar kan forvalte det store ansvaret akademisk fridom fører med seg. Men opplever ein eigentleg snusk og etiske grubleri i oppdragsforsking i Sogndal? Eit punkt mange kunne kjenne seg att i, var problemstillinga kring «gåveforfattarskap». I enkelte land er det slett ikkje uvanleg å tildele kvarandre eit lite fortent forfattarskap på vitskaplege publikasjonar. Det gir utteljing i systemet, og forskaren byggjer CV utan kanskje å ha ytt innsatsen som skal til. Så mykje som 35 prosent av amerikanske forskarar oppgir å ha gitt forfattarskap i gåve, sa Slotfeldt-Ellingsen.

Ein annan uheldig praksis han bad forskarane vere merksame på «salamisering» - å dele opp funn i ein serie publikasjonar trass i at det mest naturlege er å presentere dei samla i éin vitskapleg artikkel. Igjen handlar det om å få den største utteljinga i eit system prega av teljekantar. Også norske forskarar vedgår at dei har gjort dette.

– Men kor truverdig er det eigentleg å ha forfatta 100 vitskaplege titlar på eitt år, spurde Slotfeldt-Ellingsen retorisk.

Likestillingsplanar på veg

Det tredje innlegget gav Heidi Holt Zachariassen i Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (Kif). Temaet var mangfald og likestilling i akademia, eit område Vestlandsforsking har sett søkelys på det siste året gjennom ei intern kartlegging som skal munne ut i ein handlingsplan for mangfald og likestilling. Mindre arbeidsplassar med under 50 tilsette, er ikkje pliktige til å ha ein slik plan. Holt Zachariassen spådde at nye krav på området frå 2022 av for alle som vil søke om finansiering frå Horisont Europa, vil få opp andelen.

Kvinne held foredrag framfor sal
Kjønnsbalanse er eit mål ein må setje inn tiltak for nå, understreka Heidi Holt Zachariassen i Kif-komiteen.

– Legg merke til at kjønnsbalanse i forskarteam blir eit av fem kriterium for tildeling av forskingsmidlar, sa Holt Zachariassen. Innlegget sette fart på spørsmål om framtidas kjønnsbalanse i forskargruppene ved instituttet. Innan klima og miljø ligg det at til at sterk mannsdominans kring 2005 vil slå over til sterk kvinnedominans 20 år seinare.

– Når eg og mine jamaldringar pensjonerer oss om få år, ligg vi an til 80 prosent kvinner, sa forskar Carlo Aall.

Når det gjeld mangfald, ligg instituttet godt an i dag. Holt Zachariassen skil mellom akademiske migrantar med fast arbeid, mellombelse utanlandske tilsette, innvandrarar og etterkomarar og urfolk og nasjonale minoritetar. Berre den siste kategorien er lite representert i dag, men direktør Anders-Johan Almås lova å halde trykket oppe for mangfald.

– Forskarar må spegle samfunnet. Det krev kontinuerleg innsats frå leiinga si side, mellom anna når vi rekrutterer.

Kantine med tilsette i pent tøy som et lunsj på reserverte bord. Fjellandskap utanfor glasa.
Pandemien har gjort fysiske samlingar for alle tilsette til ei sjeldan vare ved Vestlandsforsking. Frå lunsjservering i kantina på Høgskulebygget. (Foto: Idun A. Husabø)

Behov for å samlast

Vestlandsforsking har kring 35 tilsette, dei fleste forskarar. Å samle alle desse under eitt tak, slik Vestlandsforsking-dagen 2021 la opp til 17. november, let seg sjeldan gjennomføre. Fordi kvar enkelt har si heilt eiga portefølje av forskingsprosjekt, nettverk og avtalar, vil det til ei kvar tid vere noko som dreg den eine hit og den andre dit, og som trumfar behovet for å møte kollegaene sine.

– Nettopp fordi vi er såpass spreidde, har vi stort behov for å byggje ein intern kultur på instituttet. Då er det viktig at vi kjem saman, til dømes for å lytte til dei same innlegga, ikkje minst no etter pandemien, seier direktør Anders-Johan Almås.

Dagen vart avslutta i Vestlandsforsking sine lokale, der temaet var prosjektleiing og budsjettarbeid i søknadar. Dette ein kompetanse som «sit i veggane», men som dei ferske forskarane har behov for å få større innblikk i.