Prøver ut forskarjobb i sommarferien

Ung mann i svart t-skjorte sit i uteområde, smiler
24 år gamle Bjørn Christian Weinbach frå Sogndal har sommarjobb ved Vestlandsforsking, og fordjupar seg no i kartlegging av stordata i bedrifter. Foto: Idun A. Husabø

I sommar skal masterstudent Bjørn Christian Weinbach lodde potensialet for å bruke stordata frå bedrifter i forsking og utvikling. Samtidig får han prøvd ut ein arbeidsplass han har hatt i kikkerten.

På eit svalt kontor med vindauget ope mot den fine junidagen, sit Bjørn Christian Weinbach og ser konsentrert på ein skjerm. Masterstudenten i datateknologi er sommarvikar ved Vestlandsforsking, og har eigentleg vore det sidan april, parallelt med mastergraden i datateknologi ved Universitetet i Stavanger. Akkurat no tek han kontakt med bedrifter i regionen som kan tenkast å ha store datamengder, såkalla stordata. Målet er å kartlegge kva som finst, for seinare å utvikle eit konsept der desse dataa kan skape nye verdiar for bedriftene.

Open for ei utradisjonell retning

Medan mange medstudentar har utviklarstillingar i tankane, har 24-åringen andre ønskje for arbeidslivet.

– Eg har valt datavitskap som retning fordi eg er nyfiken på andre arbeidsoppgåver enn rein programmering, seier han. 

Ung mann i svart t-skjorte og jeans sit ved pult og ser på PC
Sommarjobben vil utan tvil by på mykje tid ved PC-en, men for datavitskap-studenten er programmering bytt ut med meir kreative og analytiske oppgåver: å finne ut korleis ein kan utnytte stordata frå lokale verksemder.

Sjølv om Bjørn Christian ikkje var i mål med studiane, kontakta han Vestlandsforsking etter å ha sett ei utlysing som verka interessant. Sjølv om han ikkje var kvalifisert for tilsetjing den gongen, var forskarane interesserte i Bjørn Christian, og det viste seg at han passa som hand i hanske i ei kartlegging som skulle gjennomførast i Teknoløft-prosjektet – eit 6-årig teknologiprosjekt der Vestlandsforsking samarbeider med Høgskulen på Vestlandet og ei rekkje bedrifter i fylket. Denne typen arbeid passar òg fint for han, sidan han har valt å ta eit steg vekk frå utviklar-løypa mange IT-studentar vel.

– Eg er interessert i data – ja – men meir interessert i alt det kan brukast til, forklarer han.

Har Vestlandsforsking på lista si

Tidlegare har Bjørn Christian delteke på DigdirCamp på Leikanger, direktoratet sin attraktive sommarjobb for IT-studentar. I pandemiåret 2021 er han nokså nøgd med å ha fått ein fysisk sommarjobb som attpåtil strekkjer seg over fleire månader.

Eit viktig ønske for sommaren er at Teknoløft-oppgåvene skal by på ein kime til tema for den komande masteroppgåva hans. I tillegg er Bjørn Christian glad for å få prøvd ut kvardagen ved ein potensiell arbeidsplass.

Portrett av mann i 50-åra
Rajendra Akerkar er Bjørn Christian sin faglege rettleiar.

– Lenge såg det ut som eg måtte jobbe i Oslo, men eg har i utgangspunktet lyst til å flytte heim til Sogndal, så Vestlandsforsking er heilt klart ein aktuell arbeidsgjevar for meg. Det kan hende eg vel å ta ein doktorgrad etter masteren, seier Bjørn Christian.

– Førebels har eg alle mogelegheiter opne for meg sjølv, seier han.

Viktig for rekruttering

Medan Bjørn Christian er ved Vestlandsforsking, er han knytt til forskingsgruppa Teknologi og samfunn, som har fleire prosjekt på området stordata. Det faglege rettleiaren til Bjørn Christian er professor Rajendra Akerkar.

– Den beste forskinga blir alltid til i møtet mellom lokale forskarar og eit lokalsamfunn. Det er viktig å legge til rette for at IT-studentar kan velje ei karriere som forskarar, og vi på Vestlandsforsking vil gjerne la studentar som Bjørn Christian prøve seg, slik at dei kan bygge opp sjølvtillit, ambisjonar og kreativitet, seier Akerkar.