Få med deg Forskingsdagane i Sogndal!

Teikning av ein gul paraply med flammer på toppen i raudt
Temaet for Forskingsdagane 2021, "Fred og konflikt" gjenspeglar ei tid med stor global uro og mange alvorlege naturkatastrofar. Klimaendringane byr på meir av både dei tørre og våte utfordringane, og det kan nøre opp under konflikt. (Illustrasjon: Forskingsdagane)

Årets utgåve av Forskingsdagane i Sogndal er i gang 22. september. Ei nyvinning i år er Forsking i sentrum, eit utandørs arrangement der heile familien kan bryne seg på oppgåver, slå av ein prat med forskarar og kanskje lære noko nytt. Som i fjor er Vestlandsforsking med på Speedforsking, der konsise og kjappe forklaringar gjeld og kvar deltakar får 3 minutt.

Forskingsdagane i Sogndal er del av ein årleg forskingsfestival i regi av Noregs forskingsråd. Årets utgåve går frå 22. september til 3. oktober. Kunnskapsinstitusjonar over heile landet står for lokale arrangement, og Sognal har sitt eige program der Høgskulen på Vestlandet er hovudarrangør. Vestlandsforsking og Vite Meir er med på utvalde arenaer.

Forsking i sentrum

Det største publikumsfrieriet skjer utan tvil laurdag 25. september i Sogndalsfjøra, då Vite Meir kombinerer vitenshow med barnevenlege, interaktive stasjonar i tidsrommet 11 til 15. Høgskulen på Vestlandet følgjer opp med ei Forskarløype der du møter forskarar på ulike punkt langs Fjordstien.  Les meir om arrangementet her!

Program for Forskingsdagane 2021 i Sogndal

Fred og konflikt

Kvart år vel Forskingsrådet eit tema for Forskingsdagane. I år fall valet på evigaktuelle "Fred og konflikt". Når festivalen blir formelt opna onsdag 22. september kl. 14, er det med ei digital direktesending frå Nobels Fredssenter. Les meir om den nasjonale opninga frå Nobels Fredssenter

Mann i rutete skjorte og briller står ute i ein park
Kva betyr mest for Norge - meir nedbør eller fleire klimaflyktningar? (Foto: Idun A. Husabø)

Ein del av dei lokale arrangementa i Sogndal tek opp i seg dette temaet, men særleg Speedforsking på Høgskulebygget 29. september, der ni forskarar presenterer forskinga si på tre minutt.

Klimaflyktningar og tryggleik

Frå Vestlandsforsking deltek to seniorforskarar som dei siste åra har teke steget ut i undervisning ved naboinstitusjonen, Høgskulen på Vestlandet: Den første er Carlo Aall, leiar i klimatilpassingssenteret Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing) og professor i berekraftig utvikling ved Høgskulen på Vestlandet.

Han skal snakke om klimaflyktningar og klimasikkerheit. For ein ting veit vi – klimaflyktningane kjem, og klimaendringane vil påverke sikkerheitssituasjonen i mange land. Hendingane i Syria er eit døme på dette, seier Aall.

– Då Norge for alvor starta arbeidet med å førebu seg på mogelege konsekvensar av klimaendringar, understreka mange fagmiljø at klimaendringar i andre land kunne få meir å seie for Norge enn klimaendringar i vårt eige land, seier Aall.

Likevel har diskusjonen sidan då vore dominert av spørsmålet om korleis klimaendringar lokalt påverkar oss, som meir flaum, skred og havnivåstigning.

– Eg vil trekke fram att det som på sikt kan vise seg å bety mest for Norge: Korleis klimaendringar i andre land kan påverke landet vårt - både gjennom ein auke i talet på flyktningar, at globale matvareprisar og energiprisar stig og auka tryggingspolitisk spenningsnivå.

Middelaldrande mann med kort sveis, skjorte og briller smiler i kamera
Svein Ølnes ved Vestlandsforsking, "bitfluensar" og ein entusiastisk formidlar av kunnskap om teknologien bak bitcoin.

– Ikkje krig med krypto

Den andre speedforskaren frå instiuttet i år er Svein Ølnes, til dagleg forskar innan teknologi og samfunn og ein aktiv forsvarar av bitcoin og blokkjedeteknologi, mellom anna på Twitter og i Dagens Næringsliv sine spalter. I haust er han i gang med den tredje utgåva av eit nettbasert høgskulekurs om temaet, med over 200 studentar.

Svein har sans for klar tale, og har uredd valt å kalle innlegget sitt "Med bitcoin blir det aldri meir krig".

– Påstanden er sjølvsagt sett på spissen, og føreset eit samfunn der bitcoin er den einerådande valutaen, smiler Ølnes. Poenget han ønskjer få fram med den djerve spissformuleringa, er at slik bitcoin er lagt opp, med ei endeleg pengemengde, blir krigføring langt vanskelegare fordi du ikkje kan forskottere kostnader ved å ta opp lån.

– Det blir òg vanskelegare å halde krigar i gang på grunn av kostnadsnivået og behovet for kreditt, legg han til.

Alle er velkomne til Speedforsking på Høgskulebygget 29. september. Les meir om tid og stad her.