Ein uvanleg fleksibel arbeidsgjevar

Trebord i lyst lokale. Kollegaer i møte sit og ser smilande framfor seg. Laptop i framgrunnen.
Stor grad av fleksibilitet når det gjeld arbeidstid og -stad er eit gode forskarane veit å setje pris på. Biletet viser klima- og miljøgruppa på Tungestølen i september 2021. (Foto: Idun A. Husabø)

Då Vestlandsforsking undersøkte likestilling, inkludering og mangfald blant eigne tilsette, peika eitt trekk seg ut: Tilsette står svært fritt når det gjeld kor og korleis dei gjennomførerer arbeidet sitt. Slik var det også før pandemien. Fridomen gjer det lettare å kombinere jobb og familieliv og bidreg til god trivsel, viser kartlegginga instituttet har gjort i eigne rekker.

– Det var ingen som klaga over balansen mellom arbeid og fritid, fortel seniorforskar Gilda Seddighi, som har vore sentral i arbeidet med å kartlegge likestilling, inkludering og mangfald blant Vestlandsforsking sine tilsette.

Dei tre som gjennomførte undersøkinga – personalleiaren og to forskarar med spisskompetanse på nettopp dette feltet – delte kollegaene sine inn etter ansiennitet og kjønn, og gjennomførte gruppeintervju om utvalde tema. Kartleggarane merka seg fort at kollegaene, uansett alder og kjønn, let til å vere svært nøgde med balansen i kvardagen sin.

Det overraska dei litt, ettersom det er nok av stramme fristar og travle innspurtar i forskingssektoren.

Tema i kartlegginga:

  1. balanse mellom arbeid og familie/fritid
  2. inkluderande arbeidskultur
  3. kjønnsbalanse i leiarskap
  4. likestilling i rekruttering og karriereutvikling
  5. kjønnsperspektiv i forsking
  6. trakassering

Basert på tilrådingar frå EU-kommisjonen

Tid og stad betyr lite

– Faktum er at Vestlandsforsking er ein veldig fleksibel arbeidsgjevar når det gjeld kor og når den enkelte utfører jobben sin. Både menn og kvinner ved instituttet er nøgde med dette, fortel Monica Brugrand, som har vore personalleiar ved Vestlandsforsking sidan 2019, litt før pandemien, som sende kontoristar heim i lange periodar. Men sjølv om norsk arbeidsliv har endra seg mykje det siste halvanna året, er det meste som før ved instituttet.

– Folk ved Vestlandsforsking er vande med å jobbe der dei er til ei kvar tid. Kor dei utfører arbeidet er rett og slett ikkje så viktig, seier Gilda Seddighi.

Attraktivt for arbeidstakarar

Brugrand og Seddighi trur den store gevinsten er at det blir lettare å kombinere jobb og familieliv i visse livsfasar. Har du foreldresamtale eller ein hektisk ettermiddag, hjelper det godt å kunne gjere jobben heimanfrå eller ta att litt på kvelden. Etter at digitale møte vart så vanleg, er hindringane òg færre.

–  Dette er heilt unikt for organisasjonen vår og noko av det som gjer oss attraktive som arbeidsgjevar. Så stor fleksibilitet er mogeleg her – vi er jo ikkje ein butikk med opningstider, seier Brugrand.

Ho legg til at arbeidsplassen jamt over har veldig god trivsel på jobb.

Fridomen kan bli for stor

Fridom når det gjeld arbeidstid er ikkje utelukkande eit gode. Det kan òg vere eit tviegga sverd. Dette er ein problematikk Gilda Seddighi og Hilde G. Corneliussen kjenner til frå forsking på likestilling og mangfald i IT-sektoren.

To kvinner snakkar saman med god avstand mens tre kollegaer sit i bakgrunnen i kantina
Hilde G. Corneliussen (til venstre) og Gilda Seddighi er seniorforskarar med spisskompetanse på tema som kjønn, inkludering og mangfald. (Foto: Idun A. Husabø)

 

–  Tidlegare forsking viser at det kan vere ei fare for at fleksibiliteten går over til å bli «giftig» for enkelte. Enkelte jobbar er «grenselause». Det vil seie at arbeidstakarar sjølv må lære seg å setje grenser, seier Seddighi.

– Forskarane våre jobbar veldig mykje til tider, men dei fleste evnar å finne ein god balanse mellom arbeid og fritid, fortel personalleiar Brugrand.

Eldre menn og yngre kvinner

Vestlandsforsking fekk elles betre innsikt i korleis alder og erfaring er fordelt ved instituttet. Eit mønster peika seg raskt ut: Dei fleste eldste er menn og dei fleste yngste er kvinner.

– Sjølv om undersøkinga vår tydar på eit godt arbeidsmiljø, vil skeivheiter i alder og erfaring påverke dei tilsette si oppleving av arbeidsmiljøet. Dette kan vi ta tak i ved å lage gode rutinar i den kommande likestillingsplanen, seier Seddighi.

– Akkurat no er biletet her slik, og når vi veit det, kan vi jobbe for å skape betre balansen gjennom rekruttering, seier Monica Brugrand.

Blid kvinne med bluse, skjerf og lyst hår - nærbilde
Personalleiar Monica Brugrand (Foto: Idun A. Husabø)

Fordeling av midlar og karriereutvikling er òg grep leiinga kan bruke med kløkt.

– Ein ting som var interessant for meg, var i kva grad vi gir dei nye tilsette støtte i karriereutvikling. Dei erfarne synst dei unge får mykje rettleiing, men akkurat sånn opplever ikkje dei yngre det. Her kjennest det som det ligg arbeid framfor oss, seier Seddighi.

EU-prosjekt krev likestillingsplan

Små verksemder som Vestlandsforsking brukar ikkje å ha likestillingsplanar, og det er heller ikkje eit krav. Samtidig blir det om kort tid nødvendig på grunn av EU-prosjekta instituttet deltek i.

Frå september 2022 må alle som søkjer om forskingsmidlar frå EU ha ein likestillingsplan. Kravet er absolutt for alle som vil vere med i EU-prosjekt i framtida.

– I planen skal det gå fram at verksemda jobbar aktivt for likestilling og mot diskriminering, opplyser Seddighi.

Neste steg for Vestlandsforsking blir difor å utarbeide ein komplett plan med mål, handlingar, indikatorar og plassering av ansvar. I første halvdel av 2022 skal den vere ferdig og publisert på nettsida.