Smeltande brefall utfordrar turistnæringa

bratte svaberg framfor brefall, tre fjellkledde folk går oppover mot isen i det fjerne
Brefronten på Nigardsbreen i Jostedalen har trekt seg langt oppover svaberga dei siste åra. Det kompliserer kvardagen til dei som driv med breføring og turisme. (Foto: Tone Rusdal)

Turistane kan svikte turistmagnetane rundt Jostedalsbreen etter kvart som brearmane trekkjer seg tilbake. Førebelse forskingsresultat tyder på at det kjem færre turistar når avstanden til brefall og blåis blir for stor. Samtidig ser forskarane eit potensial for omstilling.

Møtet med isen er sterkt: den blålege fargen, dei store dimensjonane, alle farane – og tanken på at ismassane ein gong forma heile landskapet rundt. Kvar sommar trekkjer tusentals turistar mot ikoniske brefall rundt Jostedalsbreen. Framfor brearmar som Bøyabreen, Briksdalsbreen og Nigardsbreen kan dei komme nær og få mektig syn.

Å kjenne på isen eller setje foten på den går dessverre mot å bli ei stadig sjeldnare oppleving. Tilbaketrekkinga er rask mange stader, og vi veit at bresmeltinga vil skyte fart dei neste tiåra, også på punkta der turistar får sine møte med Jostedalsbreen. Med det risikerer mange lokalsamfunn rundt Jostedalsbreen at eitt av trekkplastera i ei viktig næring – reiselivet – blir svekka.

Samlar inn data

Fire personar står mellom to bilar og studerer og gjer klar slangar og droneutstyr
Fagfolk frå HVL førebur feltarbeid på Austerdalsbreen i september 2021, m.a. målingar med radar og drone. (Foto: Eivind Brendehaug)

 

Dei guida breturane på Nigardsbreen er eitt av reiselivsprodukta i Indre Sogn som alt merkar endringane.

 

– Familieruta, det mestseljande produktet ved Nigardsbreen, er borte. Det blei for krevjande å klyve over bratte svaberg. Det er klart det betyr mykje for breførarlaget, fortel Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking.

 

Tidlegare tok rundt 5000 turen kvart år.

 

Bresmeltinga opptek naturlegvis breførarane, og dei to siste somrane har guidane bidrege i forskingsprosessen gjennom å spørje turistar om å fylle ut eit spørjeskjema. Målet er å høyre kva turistar tenker om framtida for opplevingsprodukt som breturar.

 

Luster kommune har støtta studien økonomisk.

 

Utsikta endrar seg

 

Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking er ein av forskarane bak datainnsamlinga, som inngår i forskingsprosjektet Jostice.

moderne hyttebygg på haug med fjell og bre bak, blå himmel over
Tungestølen turisthytte i Luster har eit fantastisk utsyn mot brefalla i Langedalen. Utan brefalla blir utsikta likevel fattigare. (Foto: Eivind Brendehaug)

– Å sjå breen og kunne gå opp til den, viser seg å vere høgt verdsett blant turistane i dette området, seier Brendehaug.

 

Han viser til at dei særmerkte brefalla mange stader vil bli reduserte eller forsvinne frå synsfeltet til turistar flest berre nokre tiår fram i tid. Og kva er Nigardsbreen med berre ein blåkvit strek i det fjerne? Ein ting er problema guidane vil få med turar på blåisen. Eit anna trugsmål er at mange bygg mistar ei utsikt og innramming vi har teke for gitt: Breheimsenteret eller DNT-hyttene på Tungestølen utan breis i bakgrunnen.

 

Omstilling alltid mogeleg

 

Då Jostice-forskarar frå HVL og Vestlandsforsking møttest til feltarbeid i Austerdalen i Luster i september, var det i hovudsak naturvitskapleg forsking som stod på planen. Ved hjelp av drone og anna målingsutstyr, var målet å få eit nøyaktig bilete av brearmen sitt noverande omfang. Framfor breen i dalbotnen har det danna seg ein sjø av smeltevatn. Slike sjøar vil vere ein del av det mellombelse biletet, og kan by på utfordringar når det gjeld ferdsle og risiko for flaum.

Gruppe i taulag på isbre i Jostedalen
Slik kan ein klassisk bretur på blåis sjå ut. Breførarane ved Nigardsbreen hadde stor suksess med familieturen sin fram til bresmeltinga gjorde den for krevjande for born. Foto: Halvor Dannevig

Men lengre fram, etter smeltinga, vil det vere mangelen på is som er problemet.

 

– For reiselivet er synlegheit den siste skansen, seier Brendehaug. Han utdjupar:

 

– Når du berre så vidt kan skimte noko kvitt oppå høgfjellsplatået, og ingen brefall, då har reiselivet mista noko viktig, og det er denne næringa som blir først og mest berørt.

 

Dette er Jostice

Eit fleirårig prosjekt der målet er å skaffe ny kunnskap om Jostedalsbreen. Høgskulen på Vestlandet leier prosjektet, som har mange partnarar.

Vestlandsforsking  skal kartlegge konsekvensane bresmeltinga kan få for lokalsamfunna rundt breen.

Forskarane ser på følgjer for tre næringar: kraftproduksjon, reiseliv og landbruk. Bygdene er Jostedalen, Veitastrond, Fjærland, Stardalen og Oldedalen.

 

Sjå den før den forsvinn

 

Verda over er det attraksjonar som heng i ein tynn tråd på grunn av klimaendringar eller tap av natur. «Last chance tourism», å sjå det før det forsvinn, vil garantert bli ei kortsiktig redning for reiselivet. Forskar Halvor Dannevig, som òg driv med bre- og fjellguiding, ser positive sider med fenomenet: Møtet med den smeltande breen kan bli ein måte å endre haldningar på. Ein besøkande med moderat interesse for klimaspørsmålet, kan altså bli engasjert i temaet – og breføraren er katalysatoren.

 

Trur på omstillingsevna

 

Men òg på lang sikt finst det håp: Breførarane i Briksdalen, som tok til å slite på 2000-talet fordi brefronten vart for bratt, har funne fleire bein å stå på. Det same vil skje andre stader, trur forskarane, for reiselivet er gode på tilpassing.

 

– Dei mindre bedriftene er omstillingsdyktige. Vi ser av dataa frå Nigardsbreen at folk er interesserte i guida fjelltur i området òg, ikkje berre bretur. Vi trur potensialet for omstilling er nokså stort, seier Brendehaug.

Cruise
Fjellturar i landskapet breen har forma, gjerne med ein profesjonell fjellførar, kan vere ei erstatning for breturar i framtida, viser svara frå turistar som besøkte Nigardsbreen sommaren 2020 og 2021. Her frå Austerdalen i Luster. (Foto: Eivind Brendehaug)

 

Les meir om Jostice i denne artikkelen frå HVL: "Kva finst under Jostedalsbreen?"