Middelaldrande mann med briller og vanlege klede står i trapp i eit moderne høgskulebygg
Øyvind Heimset Larsen har vore ein del av administrasjonen i IT-forum Vest oppvekst og utdanning sidan starten i 2006. Dei siste åra meiner han å sjå at pedagogane spelar ei meir aktiv rolle enn før, då IT-teknikarar frå skulane var i fleirtal på konferansar om skule og IKT i fylket. (Foto: Monica Brugrand)

– Dei siste åra har pedagogane i større grad innteke førarsetet, seier Øyvind Heimset Larsen ved Vestlandsforsking om IKT i opplæring og utdanning. På neste utgåve av konferansen, som av omsyn til smittevern er utsett til mars 2022, legg IT-forum Vest vekt på å vise fram dei gode døma på bruk av IKT i sektoren.

Då covid-19 feidde inn over landet våren 2020 og førte til nedstenging av samfunnet, inkludert skular, skaut digitaliseringa voldsomt fart i den norske skulen. Plutseleg måtte elevar bruke digitale løysingar både for å levere lekser og kome i kontakt med læraren. Læringskurva var bratt, og behovet for å dele erfaringar er no stort.

Populær møteplass

Den årlege konferansen om oppvekst og utdanning byr nettopp på ein slik arena for å drøfte spørsmål rundt IKT i skulen, i tillegg til å vere ein triveleg møteplass. Over 60 hadde meldt seg på til 2021-konferansen, som i siste liten blei utsett til 2022 på grunn av den siste utviklinga i pandemien.

– Det er rom for fleire når konferansen går av stabelen i vår, seier Øyvind Heimset Larsen, som har vore i administrasjonen for IT-forum Vest oppvekst og utdanning dei siste 15 åra.

– Dette er ein fast og populær møteplass, og vi vil gjerne at alle som ønskjer det, skal få komme til Loen og ta del i dei mange interessante døma vi har plukka ut til programmet, legg han til.

På grunn av den usikre korona-situasjonen, har IT-forum Vest utsett 2021-konferansen til mars 2022 (veke 10).

Plass til fleire

Når det gjeld skule og IKT, er det mykje som skjer og mange ting å dele og diskutere. Blant dei dagsaktuelle emna er personvern og fagfornying, og den nasjonale lærebokaktøren Cappelen Damm legg fram sine verktøy for fagfornying og digitalisering. Men litt av poenget i Loen er òg å lufte spennande vriar som andre kan bli inspirerte av.

Korleis kan ein til dømes invitere elevar med i samfunnsplanlegginga gjennom Minecraft, slik Leikanger og Kaupanger har fått prøve? Mattespelet Numetry, som sender elevane på oppdagingsferd til solsystemet Matema, er òg ein del av programmet.

Skjermdump av mattespelet Numetry. Kvinneleg astronaut til venstre, i dataspel-stil, og matteoppgåve til høgre med mange fargar
Læring gjennom artige dataspel er blitt eit vanleg innslag i kvardagen til mange norske elevar. I mattespelet Numetry vaknar karakteren ein har valt, opp på eit romskip på veg til planeten Matema, der oppgåver og problem må løysast. Spelet passar for barn i alderen 8 til 12. Foto: Numetry

For mykje skjerm?

Medan det lenge var ein fjern draum å få meir IKT inn i skulen, har overdriven bruk av skjermar og digitale læremiddel sigla opp som ei ny problemstilling. Frå Feios skule, som har elevar frå første til tiande klasse, stiller både elevar og lærarar for å dele detaljar om akkurat dette:

– I opningsinnlegget stiller to elevar frå 10. trinn og ein lærar snakkar for å fortelje om positive og negative sider med den digitale skulen, seier Larsen.

Frå barnehage til høgskule

Det tverr-sektorielle samarbeidet IT-forum driv fire satsingar, og oppvekst og utdanning er ein av dei. Fornyingsmidlar frå Statsforvaltaren til eit eige prosjekt Satsing på IKT som læremiddel 2019-2021, har gitt IT-forum Vest oppvekst og utdanning høve til å rigge fyldige og rimelege konferansar på området.

Konferansen er av det matnyttige slaget, og deltakarane er ei god blanding av pedagogar, mellomleiarar, IT-leverandørar og forlagsfolk, fortel Larsen. Geografisk sett kjem deltakarane frå heile fylket, og programmet er lagt opp slik at alle skal rekke å ta seg til og frå konferansen, også om dei har lang reiseveg til Loen.

– Dette samarbeidet på tvers av skuleslag er nokså unikt i Norge, seier han, og viser til at dei spenner heilt frå barnehage til høgskule, både når det gjeld kven som er med og kva konferansen tek for seg.

 

Vil du delta på konferansen?

Program for konferansen (blir truleg revidert pga. utsetjing til 2022)