Vassforvaltar i eit endra klima (Vannklimrisk/ Vassklimrisk)
Klimaendringane gir større risiko for ureining av vatn gjennom auka avrenning frå land til sjø og fleire ekstremvêrhendingar. Dette vil påverke det økologiske og kjemiske vassmiljøet negativt og bør førebyggast på nye måtar.
Prosjektet Vannklimrisk går ut på å styrke førebygginga av naturskadehendingar som kan føre til at miljøgifter kjem på avvege i naturen. Prosjektet involverer offentlege aktørar i fleire delar av landet.
Den største bekymringa med auka avrenning frå land til sjø som følgje av klimaendringane, er at gamle og nye miljøgifter vil bli tatt opp av vasslevande organismar, hope seg opp i næringskjedene og til slutt hamne på matfatet vårt.
Digitale verktøy
Vassforvaltinga i Norge har i dag for lite kunnskap om miljøgiftpåvirkningar og lokal ureining av vassmiljøet til å vurdere om målet i EU sitt vassdirektiv om god kjemisk tilstand vert nådd innan 2021. Prosjektet Vannklimrisk vil produsere ny kunnskap, og utvikle nye tilpassa verktøy, som lokal og regional forvaltning kan bruke for å identifisere lokale kjelder til miljøgifter og analysere risiko for spreiing av miljøgifter i eit endra klima.
Vannklimrisk vil samprodusere kunnskap og utvikle nye forvaltingsverktøy i tett samarbeid med sakshandsamarar innan vassforvaltning, klimatilpassing, planarbeid og ureining i kommunane/vassområder, fylkeskommuar og Fylkesmannen i dei tre regionane Trøndelag, Vestfold/Telemark og Vestland. Klikk på logoen nedanfor for å komme til verktøy.
Prosjektgruppa har utvikla eit nytt, digitalt kartleggingsverktøy for identifisering av lokale miljøgiftkjeder, Miljøgiftkartleggaren, og utvikle ein GIS-basert ROS-analyse for å vurdere om miljøgifter kan spreiast til vassmiljøet som følgje av ulike klimapåverknader.
Samarbeid på tvers av organisasjonar
Vannklimrisk skal også utforske og analysere korleis samarbeidet er mellom vassområda, fylkeskommune og fylkesmennene i dei tre regionane, og teste ut nye samhandlingsformer der også forskarar deltek, for å auke evna til å handtere dei komplekse utfordringane klimaendringar vil ha på vassforvaltinga.
Brei deltaking
Partnarskapen i Vannklimrisk inkluderer NTNU Institutt for geografi, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Fylkesmannen i Trøndelag, Trøndelag fylkeskommune, Vestland fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestland og kommunane, Tønsberg, Larvik, Sogndal, Vik, Høyanger, Solund, Gulen, Oppdal, Orkland, Tynset og Rennebu.
Prosjekteigar er Vestland fylkeskommune, der vassregionkoordinator Merete Farstad er prosjektleiar.
Webinar 05.09.2023 Klimatilpasning og miljøgifter
I media:
Miljøgifter i norske kommuner skal kartlegges - frykt for vannforurensing øker, Forskning.no - august 2019
Får millioner for å stoppe lekkasje av miljøgifter og forurensing av vann, Nationen - august 2019
Miljøgifter i norske kommuner skal kartlegges, KommunalRapport - august 2019
Miljøgifter i norske kommuner skal kartlegges - frykt for vannforurensing øker, enerWE Partner - august 2019
Miljøgifter i norske kommuner skal kartlegges - frykt for vannforurensing øker, Varden - august 2019
Miljøgifter i norske kommuner skal kartlegges - frykt for vannforurensing øker, iTromsø - august 2019