Møtte engasjerte ungar under Forskingsdagane
Born og ungdommar bryr seg om korleis det går med fjorden vår og skapningane som lever der. Då forskarar frå Vestlandsforsking stilte på Amfi Sogningen ein laurdags føremiddag for å fortelje og forklare, møtte dei ein jamn straum av nyfikne, kunnskapstørste ungar, med foreldre og besteforeldre. Blant aktivitetane forskarane baud på, var å lage plastilinadyr til ein modell av fjorden.
– Ungane er framtida vår, og det er viktig at vi òg vender oss til dei når vi snakkar om klima og miljø, seier direktør Anne Karin Hamre.
Forskingsdagane er ein nasjonal festival med lokale avleggarar, mellom anna i Sogndal, der både Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet driv forsking. I år la Vestlandsforsking vekt på å møte folk der dei er, og tok steget utanfor campusmiljøet på Fosshaugane.
Hatprat, leirbål som medisin og eit insekt som kyssar deg til døde
Årets tema var helse, og sjølv om helse i konkret forstand ikkje er blant det vi forskar på, stilte fire av forskarane frå instituttet på ViteMeir sin Vitenkveld for å snakke om eit relatert tema. Dante Della Vella tok for seg kvifor hatprat på nettet er så skadeleg for helsa vår, som er grunnen til at han og kollega Rajendra Akerkar forskar på førebygging av hatprat med nye metodar gjennom forskingsprosjektet SOCYTI. Les "Skal hindre netthets og hatprat med nye metodar".
Anna Maria Urbaniak-Brekke fortalde levande frå samarbeid med ein polsk organisasjon som inviterer kvinner utanfor arbeidslivet med på leirar og skogsturar etter inspirasjon frå mellom anna den norske friluftslivstradisjonen.
– I Polen har vi ikkje slike tradisjonar, og mange av kvinnene var livredde for alt frå insekt til å sove i telt. Men det var før turen, sa Anna Maria, og skildra korleis kvinnene blomstra og opna seg opp ved leirbålet, over grytene eller ute på tur. Etter dei tre dagane var mange ikkje til å kjenne att. Les "Prøver ut frilufsliv som terapi i Polen"
Joaquin Zenteno Hopp fortalde om korleis klimaendringane får sjukdommar som chágas til å spreie seg i Latin-Amerika og bli eit aukande trugsmål mot folkehelsa, med 10-20 millionar nye tilfelle kvart år og rundt 50 000 dødsoffer. Sjukdommen blir spreidd av ein rovtege, eit kakerlakk-liknande insekt som lever der menneske bur.
– Vi kallar han "kissing bug" fordi han "paraglidar" ned frå taket og siktar seg inn på det mjuke partiet under auga dine, der huda er tynnast, og så bit han deg, forklarte Joaquin, og la til at det verkelege problemet kom av at insektet tissar der det bit, slik at ein liten gratispassasjer, parasitten trypanosoma cruzi, entrar kroppen til det sovande offeret, som utviklar symptom som feber, muskelverk, hjartebank, hevelsar og allergiske reaksjonar. Enkelte får kroniske plager, medan ein del blir så sjuke at dei døyr.
Og det finst verken førebyggande tiltak eller vaksiner.
Publikum grøssa og vrei på seg rundt kaféborda på ViteMeir i dei fem minuttane Joaquin snakka.
Joaquin har nyleg disputert for doktorgraden, og forskar ikkje på helse. Han har derimot mykje å gjere med klimaendringar i fagleg samanheng, og det var bakgrunnen for innlegget. I tillegg kjem han frå Bolivia og har budd, arbeidd og studert i fleire av landa i Sør- og Mellom-Amerika, der sjukdommen chágas vil gjere stadig større skade etter kvart som rovtegene blir fleire som følgje av klimaendringar.
Tende og sløkte lys for Gaza
Den fjerde presentasjonen på Vitenkvelden var i regi av Idun A. Husabø, som kjende på ein klar mangel under førebuinga til vitenkvelden om helse:
– Det kjendest så hólt at ti personar skulle snakke om aktuelle helsetema utan at nokon nemnde ei av vår tids største helsekriser, nemleg situasjonen på Gazastripa, som attpåtil er menneskeskapt, seier Idun.
Ho spurde om lov til å snakke om temaet med utgangspunkt i FN sine mest oppdaterte tal og fakta, inviterte med fastlege og omgangsven Marit Innerby Isaksen frå Sogndal legesenter og skreiv eit manus med innspel frå regissør Ingrid Askvik og lege, naudhjelpsarbeidar og politikar Mads Gilbert, som var sjølve inspirasjonskjelda til markeringa.
Idun og Marit tende stearinlys medan dei skildra kva Gaza var, før 7. oktober 2023, og kva Gaza er i dag, eitt år seinare. Over 40 000 døde, mange av dei barn, var berre eitt av fleire tal som sokk inn hjå tilhøyrarane.
– Ikkje alle har høyrt om den parallelle, systematiske øydelegginga av kunnskapssektoren i Gaza, der 12 av 12 universitet er bomba, og 90 prosent av skulane. Mads Gilbert kalte det eit "epistemicid", eit kunnskapsdrap som føregår i skuggen av genocidet eller folkemordet vi er vitne til.
Legen Marit las opp fakta om helsekrisa, medan forskaren Idun konsentrerte seg om åtaka på bibliotek, kulturarv, skular, arkiv og utdanningsinstitusjonar. Medan dei las, sløkte dei eitt og eitt stearinlys.
– Vi kan tenne dei att, om vi vil, avslutta dei.
Svalbard, tolegrenser og førebygging av netthets
Tradisjonen tru deltok forskarar frå instituttet òg då Høgskulen på Vestlandet heldt årets utgåve av Speedforsking, der målet er å presentere det du har funne ut gjennom forskinga di på kort og konsist vis. Tre minutt var alt kommunikasjonsrådgjevar Jeppe A. Jeppesen hadde å by på for kvar enkelt, men dei fleste heldt seg lydig innafor tida si.
Kristin Løseth har forska på Svalbard, med vekt på cruiseskipa som strøymer nordover for å vise fram dei skarpe fjella, det ville dyrelivet og dei nordlege fjordane, der heldige turistar kan sjå kvalar bryte overflata om dei er tolmodige nok. Problemet er at denne turistforma er svært uheldig når det gjeld klimagassutslepp. Stadig fleire ekspedisjonsskip tek seg inn i dei aude fjordane på øyar som Spitsbergen, og varmekartet over skipstrafikk som Kristin viste fram på HVL-biblioteket i Sogndal 26. september, viste ein tydeleg og alarmerande lillafarge rundt den kronglete kystlinja på øya. Det høyrer òg med til historia at cruisepassasjerar av denne typen flyr til Svalbard, for så å gå ombord. Det gjer fotavtrykket deira endå større. På toppen av dette kjem dei velkjende, store cruiseskipa frå farvatna lengre sør, også dei fulle av turistar som har kryssa Atlanterhavet i fly før dei vart passasjerar på turen.
Halvor Dannevig følgde etter med ei dyster skildring av naturen i ishavsriket Svalbard, som går mildare tider i møte, særleg dersom vi ikkje lukkast med å få ned utsleppa av klimagassar fram mot slutten av hundreåret. Den sårbare høgarktiske naturen og dyrelivet der er svært utsett for klimaendringane, og vi risikerer at overgangen frå tørr kulde til mild fukt blir brutal for mange artar. I tillegg gjer den store pågangen frå turistar at øygruppa er utsett for alt frå slitasje til framande artar. Dannevig har forska på korleis reiselivet og opplevingsnæringa på Svalbard kan tilpasse seg endringane i natur, klima og samfunn gjennom prosjektet BalancingAct.
For å kvalifisere seg til å bli godkjende som berekraftige reisemål av norske myndigheiter, må stader som Longyearbyen gjennom ein prosess der det høyrer med å gjere ei såkalla "tolegrenseanalyse". Det betyr å drøfte kor mange tilreisande av ulike typar ein faktisk toler som lokalsamfunn, men òg når det gjeld belastning for klima, miljø og natur. Kristin peika på ei forstyrrande side ved dette som ho har kjent på som forskar:
– Blir det eigentleg rett at innbyggarane på stader som Longyearbyen skal ta stilling til slike spørsmål lokalt, når dei eigentleg har globale konsekvensar?
Også på dette arrangementet stilte Dante Della Vella, som snakka om hatprat på nettet, men her med vekt på korleis forskarane i prosjektet Socyti går fram for å stoppe det skadelege innhaldet på sosiale medium og andre plattformer.
– Dette arbeidet er viktig, for vi veit ein del om kor skadeleg netthatet er, sa den unge forskaren.