Med gift som raud tråd

Portrett av Torunn G. Hønsi, gruppeleiar ved Vestlandsforsking

Giftstoff og verknaden av dei har følgt Torunn G. Hønsi gjennom heile yrkeslivet. Nyleg vart øko-toksikologen gruppeleiar for teknologi- og samfunnsforskarane ved Vestlandsforsking. Ho gler seg til å lage nye koplingar mellom områda miljø og teknologi.

– Tauverk har spela ei sentral rolle i historia vår som sjøfartsnasjon. Når vi skal slutte å lage ting av olje, er det kanskje i retning av desse taua vi skal sjå – det vi i dag finn på musea, seier Torunn G. Hønsi, seniorforskar, toksikolog og ny gruppeleiar for den eine halvdelen av Vestlandsforsking.

I sitt åttande år som oppdragsforskar ferdast ho igjen i ukjent, men spennande terreng, i form av forsking på tau, tradisjonar, kulturturisme og berekraft. I «Dreis» møter gamal, handboren kunnskap det grøne skiftet, og forskarane si oppgåve er å finne alternativ til råmateriala Hardanger fartøyvernsenter no kjøper heilt frå Kina, 10 tonn om gongen. For alternativa finst – i naturen rundt oss og i vår eiga nære historie, understrekar Torunn.

Kvinne held tausnelle med hamptråd
Kinesisk hamp på Hardanger fartøyvernsenter. Foto: Kristin Løseth

– Eg trur det er mykje spennande å sjå i brytningspunktet mellom det som er «gamalt» og det vi må fram til. Det gamle handverkssamfunnet vi hadde er jo det berekraftige samfunnet vi leitar etter. Det treng ikkje vere så mystisk – vi produserte berekraftige og langliva varer før den industrielle revolusjonen.

Skifta lag

At Torunn har lite imot å jobbe på tvers av fag, har bidrege til at ho nyleg blei gruppeleiar for dei snart 16 teknologi- og samfunnsforskarane ved Vestlandsforsking. Det innebar eit farvel til den talrike klima- og miljøgruppa ho var del av før, der samfunnsvitskapleg kompetanse dominerer. Frå sitt nye kontor i etasjen over, skal ho leie ei gruppe der teknologi og IKT står sterkt. Ho må innfinne seg med å ha lite innsikt i enkelte av felta der gruppa har spisskompetanse, som stordata og kunstig intelligens. Den overgangen tek ho på strak arm.

– Det spelar ikkje så stor rolle kva gruppe ein er del av. Eg likar å setje meg inn i nye ting, og ser dessutan ein del spennande koplingar mellom faggruppene, seier ho.

Ein av stordataforskarane er alt på veg inn i eit reiselivsprosjekt, og meir samarbeid mellom etasjane skal det bli.

– I den grad eg har ein visjon, er det å få til meir kontakt på tvers, seier Torunn.

Men kvar kom ho frå, før oppdragsforskinga? Og korleis hamna ein toksikolog på Vestlandsforsking, omgitt av samfunnsvitarar? Torunn si faglege ferd starta på eit laboratorium på Rosenborg i studiebyen Trondheim.

Plantene sitt hemmelege forsvar

– Du veit den pepra kjensla du får av å tygge ruccola? Torunn er i gang med å forklare korleis ho fann den faglege retninga si den gongen ho var hovudfagsstudent ved NTNU og vegen låg open for eit vidt spekter av yrkesval.

Peparsmaken, forklarer Torunn, er planta sitt kjemiske våpen, eit vern mot svoltne insekt og beitedyr. Som ruccola, har òg rapsplanta eit slikt forsvar beståande av ulike giftstoff, som isothiocyanat.

Hardanger fartøyvernsenter, forskar står utanfor
Samarbeidet med Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund om har kveikt ein glød for gamle handverkstradisjonar hjå Torunn. Hampen i tauverket dei lagar, skal etter planen erstattast med lokale materiale, og Torunn ivrar for at fleire bedrifter skal få hjelp til å bli grønare og samfunnet meir sirkulært. – Bruk- og kastsamfunnet vårt, det må vi vekk frå. Foto: Agnes B. Engeset

Desse stoffa fascinerte Torunn, og valet av fordjupingstema under hovudfaget i molekylær cellebiologi, leidde ho over på endå smalare stiar. Ein dag for 22 år sidan disputerte ho for doktorgraden i nisjefaget økotoksikologi ved Universitetet i Oslo.

Kva gjer gift med oss?

Som stipendiat var ho over på farlegare stoff. Torunn forska på miljøgifter og meitemakk med mål om å kartlegge kva ureininga i jorda gjer med makken – og i neste instans, med oss. Jord til eksperimenta, med innslag av tungmetall som nikkel, kopar, bly og kvikksølv, henta ho frå nedlagde gruver på Austlandet. Det blei mange lange dagar på laben.

Kunnskapen kom raskt til nytte i ei forskarstilling ved Folkehelseinstituttet, der ho undersøkte innhaldet av kjemikaliar i produkt vi importerer til Noreg, som leiker eller klesplagg. Stillinga var eit samarbeid med Miljødirektoratet, og innebar mellom anna å bla i tjukke bøker etter detaljar om korleis enkeltstoff blir tekne opp i kroppen vår og påverkar celler og organ.

Kvinne snakkar i forsamling
Engasjert gruppeleiar med kollegaene Agnes B. Engeset og Øyvind Heimset Larsen i bakgrunnen. Foto: Idun A. Husabø

– For at folk og samfunnet skal vere trygge mot å bli eksponert for meir farlege stoff enn vi toler, skyt Torunn inn.

Etter rundt eitt år med dette arbeidet, kom eit skifte i Torunn sitt liv: ho og mannen hennar bestemte seg seg for å ta med dei to smågutane og flytte heim til Luster, der han hadde fått jobb. Spørsmålet var berre korleis ho kunne bruke den spissa kompetansen sin i Sogn.

Kjend med næringslivet

Heime venta ein annan slags arbeidsmarknad. Undervisning ved vidaregåande skule og Høgskulen i Sogn og Fjordane framstod som ein naturleg måte å bruke utdanninga si på, og Torunn studerte pedagogikk for å kunne undervise i realfag og matematikk. I rundt eitt år jobba ho òg i avfallsselskapet Simas, der ho hadde ansvaret for å førebu forbodet mot avfallsdeponering, som kom i 2009. I denne perioden var ho innom Vestlandsforsking for å presentere seg og kunnskapen sin, men det var andre tider, og besøket leidde ikkje til nokon jobb.

I staden fann Torunn seg godt til rette ved Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, der ho i rundt åtte år var ein av staten sine vaktbikkjer for miljøet. Arbeidet med forureiningstilsyn gjekk ut på å inspisere avfallsanlegg i dei 26 kommunane i fylket og kontrollere utslepp frå næringsliv og industri. På desse rundane møtte ho alt frå innehavarar av små bilverkstader til leiarar for verft og fabrikkar.

– Gift og verknaden av det er ein raud tråd frå første jobb. Eller snarare ein grøn tråd, rettar Torunn.

Ho blei godt kjend med mange i næringslivet og industrien frå den innfallsvinkelen. Ein annan viktig samarbeidspart i forskarjobben er kommunane i regionen, som ho kjenner både frå forureiningstilsynet og som kommunepolitikar i Luster gjennom to periodar.

Spør ein toksikolog!

«Keep calm and ask a toxicologist”, står det på ein liten plakat med daudinghovud og knoklar på Torunn sitt elles innbydande og ryddige kontor. Når ein høyrer om faget hennar, vandrar tanken lett til både Agatha Christie, russiske avhopparar og dommedagssaker i media om funn av tungmetall og mikroplast i morsmjølk. Vi ikkje-toksikologar kan bli smått nervøse av mindre. Men som plakaten til Torunn antydar: kunnskap hjelper. Med alt Torunn veit og kan om gift på vidvanke i naturen og kroppane våre, ligg ho faktisk ikkje søvnlaus om nettene.

Forskar skriv i vindaugskarm på hytte
Når Torunn arrangerer skrivedag, skjer det i rammer som dette, med lun atmosfære. Også privat er ho den reinaste Mummimamma som elskar å pynte (gjerne med sjølvlaga kransar), lage mat og stelle til fest. Ho går òg mykje på tur, men ikkje åleine: «Må ha i pose og sekk, skravling og trimming samtidig!» Foto: Daniel Furberg

– Det påverkar meg overraskande lite, seier ho lett. Eg veit at det alltid er snakk om mengder, dosar og korleis eit stoff kjem inn i kroppane våre, og kva forsvarssystem vi har for avgifting.

Men meir nøyen er ho kanskje blitt, innrømmer ho – i alle fall når neste generasjon er inne i biletet. Då ho og mannen bygde hus i Gaupne midt på 2000-talet, fekk snikkaren verken bruke sponplater, fugeskum eller lim.

– Avgassing frå formaldehyd, opplyser ho sakleg, og viser til at fire små søner skulle vekse opp i huset. Då dei kledde innsida av den nye heimen sin, valde dei òg heiltrepanel måla med linolje av same grunn.

Omsorg for dei bekymra

Klede er eit anna område der kunnskapen verkar inn. Torunn peikar på den kvite bomullsblusen sin.

– Eg tenker meir på å bruke naturmateriale i klede og at produksjonen bør vere mest mogleg miljøvenleg. Eg synest ikkje kleda våre skal lagast av olje, understrekar ho.

Samtidig er ho oppteken av å setje grenser for kor bekymra og påpasselege vi skal vere. Ho har mange yngre kollegaer som går langt for å gjere alt rett og veit at mange kjenner på avmakt og uro for framtida. Det vekkjer noko i firebarnsmora Torunn; ho er god til å trøyste.

– Vi må jo alle gjere litt for klima og miljøet, og bidra der vi kan og vil. Men vi skal ikkje gå for langt i skuld og skam over verdas skeive gang. Vi er jo her så kort ei stund, og vi kan ikkje gjere alt åleine, seier Torunn med eit mildt drag over ansiktet.

nøkkelring i hamp
Torunn er ei som tek med seg jobben heim. Her i form av ein nøkkelring i hamp laga i Kvam. Foto: Idun A. Husabø

– Bruk forbrukarmakta di der du kan, vel produkt som er bra for klima og miljø, og har mindre farlege stoff, men vit at det finst dyktige instansar som passar på kva industrien puttar i ting.

Lukkeleg som «allmenpraktikar»

Då Torunn først kom til Vestlandsforsking i 2015, samarbeidde ho tett med Otto Andersen, som òg var kjemikar i botnen. Ho var innom forskingstema som hydrogendrivstoff og bioøkonomi, og ei stund var ho med på å lære opp offentleg forvaltning i Romania i korleis ein fører utsleppskontroll med bedrifter.

Otto var ein av instituttet sine mest internasjonalt orienterte forskarar. I dei åra dei arbeidde i lag, reiste dei mykje for å møte partnarar i andre europeiske land. Otto passa godt på å gjere reisene trivelege og sjå seg rundt i byane dei kom til. Slik hamna Torunn på stader ho elles neppe ville ha oppsøkt, som eit ærverdig konserthus i Sofia.

– Eg minnast han med vedmod og varme, sidan han gjekk bort så altfor tidleg.

I kontorlokala på Campus i Sogndal vart Torunn den som sikra at forskarane levde som dei preika. Ho vart instituttet sin interne Miljøfyrtårn-konsulent og gjorde det lettare å kjeldesortere, redusere kjemikaliebruk og nå andre viktige HMS-mål.

Hyggefaktoren i lokala steig òg i takt med at Torunn fekk gjort sitt. Firebarnsmora er ein virvelvind med ei sjeldan evne til handlekraft. Ho ler høgt, pratar høgt på sine ulike dialektar – og får gjort imponerande mykje på kort tid. Som den mummimammaen ho er, passar ho òg på at det finst kaker og bollar når det trengst.

Jakt på gamle synder

Dei siste åra har ho leidd større prosjekt om korleis klimaendringane aktualiserer god, gamaldags miljøgiftproblematikk. I alle landets kommunar finst det plassar der ein har lagra sprøytemiddel eller grave ned tankar slik at grunnen inneheld skadelege stoff.

Kvinne ved kart
I forprosjektet Toksklim gjekk forskarane grundig til verks i utvalde kommunar på Vestlandet ved å peike ut alle punkta på kartet der det kunne ligge miljøgifter. Prosjektet fekk seinare ein større avleggar med deltakarar over heile landet, prosjektet Vannklimrisk. Foto: Carlo Aall

Med meir nedbør og fleire løpske vassdrag, vil desse gamle syndene sive ut i naturen. Prosjekta Toksklim og Vannklimrisk har gått ut på å finne dei forureina punkta på kartet og rydde opp før noko skjer – ein jobb kommunane har ansvar for, og no får betre verktøy for å utføre.

– Eg har vore litt potet og brukt kompetansen min i mange ulike prosjekt ved VF. Eg trivst godt som allmenpraktikar eller generalist, og ikkje som spesialist, seier Torunn om den tematisk breie porteføljen sin.

Ho har funne sin plass i skjeringspunktet mellom forvaltning, forsking og næringsliv, der ho kjenner at ho kan bruke den allsidige bakgrunnen sin og kompetansen i naturvitskap. Dei siste to åra har ho møtt bedrifter i rolla som «kompetansemeklar», som går ut på å hjelpe bedrifter med å ta i bruk forsking og innovasjon.

– Eg er ivrig etter å hjelpe dei med å løyse sine problem. Eg brenn for at næringslivet skal få gode kort på handa til å halde fram – men på meir miljø- og klimavenleg vis.