Møt forskarane våre på Forskingsdagane!
Mikroplast, hatprat på nett, overturisme, helsekrisa i Gaza og friluftsliv som medisin, er stikkord for noko av det Vestlandsforsking tek opp under Forskingsdagane i år. Årets første arrangement blir Vitenkveld på ViteMeir fredag 20. september, deretter Speedforsking på Campus Sogndal 26. september. Laurdag 28. september Vestlandsforsking sin stand på Amfi Sogningen. Der kan du lære om Sognefjorden si helse og andre aktuelle tema frå forskinga vår, i møte med forskarar frå Vestlandsforsking.
Korleis står det til med helsa til fjorden vår? Laurdag 28. september kl. 10-14 kan du møte forskarar og lære om korleis forureining, plastforsøpling og miljøgifter påverkar tilstanden til Sognefjorden og pattedyr og fisk som lever der.
Plastilina og dronebilete
Det vil bli artige aktivitetar for både barn og vaksne som illustrerer kva vi kan gjere for å betre tilstanden under vassoverflata og leveområdet til fiskar og pattedyr som lever der. Vestlandsforsking trekker premiar for barneteikningar og plastilinafigurane av fisk, kvalar eller spekkhoggarar.
– Dei vaksne kan mellom anna sjå undervassbilete av fjorden, seier Torunn G. Hønsi.
Dei vaksne kan mellom anna sjå fram til bilete av fjorddjupet, filma av ei undervassdrone og tolka av kunstig intelligens som for tida blir brukt i forsking på Campus Sogndal, i eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet.
Seniorforskar Torunn G. Hønsi, stipendiat Bjørn Christian Weinbach, seniorforskar Hans Jakob Walnum og forskar og kommunikasjonsansvarleg Idun A. Husabø er til stades for å treffe og snakke til interesserte.
– Vi legg vekt på å nå ut til både små og store med det vi finn ut i forskingsprosjekta våre, seier Torunn.
Helse under lupa
Allereie fyrstkomande fredag (20. september kl.19) kan du lære om korleis helse og ulike utfordringar speler saman, på vitenstafett på ViteMeir. Idun A. Husabø frå Vestlandsforsking og Marit Innerby Isaksen frå Sogndal legesenter skisserer i nakne fakta akkurat kor alvorleg situasjonen i Gaza er no, og kallar den ei av vår tids største menneskeskapte helsekriser.
Joaquin Zenteno Hopp fortel om korleis klimaendringar fører til nye folkehelseutfordringar i Latin-Amerika, mellom anna for militæret i fleire land. Dante Della Vella tek for seg samanhengen mellom mental helse og bruk av internett og korleis kunstig intelligens kan brukast til å fange opp hatytringar på nettet.
Anna Maria Urbaniak-Brekke fortel om korleis aktørar i Polen har eksperimentert med friluftsliv som medisin mot psykisk sjukdom.
– Konseptet friluftsliv er ikkje kjent i Polen, men resultatet er lovande, forklarer Anna Maria.
– Fleire av deltakarane hadde aldri sove i telt før, somme kunne ikkje tenke seg ein dag utan dusj, andre var redde for insekt. Men etter 4 dagar saman i naturen, fekk alle meir positiv energi og blei klarare for å møte livets utfordringar.
Det vil også bli mange andre interessante innslag om ulike sider ved temaet «helse» denne kvelden, og ikkje minst ein quiz der deltakarane kan bryne seg mot andre lag.
Forsking på 3 minutt
Kan ein legge fram forskinga si på tre minutt? Ja, meiner Høgskulen på Vestlandet.
Torsdag 26. september kl. 13-14 blir det Speedforsking på biblioteket i Høgskulebygget. Der kan du høyre ni forskarar oppsummere forskingsfunn på ein-to-tre. Det blir ein intens og interessant seanse der du kan lære mykje om svært ulike tema.
Frå Vestlandsforsking vil seniorforskar Kristin Løseth fortelje om kor mange turistar ulike reisemål toler. Dante Della Vella vil presentere korleis ein kan oppdage hatytringar på internett med nye metodar, og Halvor Dannevig vil snakke om korleis klimaendringane kan kome til å påverke naturen og reiselivet på Svalbard i åra som kjem.
– Svalbard er blant dei stadene på kloden der oppvarminga går aller raskast, seier Halvor.