Om berekraftige besøksopplevingar i skjeringspunktet mellom natur og kultur (OMBOOK)

Forprosjektet "OM Berekraftige besøksOpplevingar i skjeringspunktet mellom natur Og Kultur" (OMBOOK) er eit samarbeid mellom ein etablert og ein ny kulturaktørar, lokale styresmakter og forskingsinstitusjonen Vestlandsforsking. Målet i forprosjektet er å teste metodikkar i caseområdet Kaupanger for å forbetre og utvikle nye og heilskaplege besøksopplevingar i skjeringspunktet mellom natur og kultur. Reisemålet Norge har behov for meir kunnskap om kulturturisme, som har eit uforløyst potensial for å bli del av eit berekraftig reiseliv. Kulturturisme vil bidra til å ivareta kulturarv gjennom berekraftig bruk. Kulturturisme bidreg til lokal og regional utvikling, då lokale teneste- og kulturtilbod vert oppretthalde og utvida, som styrkar stadsidentitet og bulyst.
Omtale i media:
Sogn Avis 02.01.2024: "Noko av det kjekkaste eg har gjort"
Sogn Avis 10.05.2024: Lanserer kulturoffensiv for Kaupanger
Sogn Avis 18.06.2024: Då Ingebjørg opna det gamle museet strøymde folk til for å sjå: – Fleire generasjonar har samla mykje løge