Kan satsing på energi frå sol, vind, vatn og biomasse skape nye arbeidsplassar og samtidig bidra til å løyse klimautfordringane? Dette er spørsmål fleire fagfolk vil gje sine svare på den 20. september på eit seminar under Forskingsdagane i Sogndal.
Den 18. og 19. januar samlast forskarar frå Norge, Sverige og Nederland for å starte eit fireårig forskingssamarbeid om beredskap og klimatilpassing. Prosjektet er leia av Vestlandsforsking og er finansiert av Norges forskningsråd gjennom forskingsprogrammet NORKLIMA.
Fritidsforbruket står for om lag ¼ av husholdningenes samlede energiforbruk i Norge, det øker mer enn det øvrige forbruket, og det er de mest energikrevende formene for fritidsforbruk som øker mest.
Møtet om bruk av Los, arrangert av Vestlandsforsking og Difi, samla 40 deltakarar på Rica Sunnfjord Hotel i Førde. Seminaret vart arrangert som ein del av prosjekta "Miside-løftet - frå nettavis til nettbank" (prosjekt i regi av KS Sogn og Fjordane) og Ressursnettverk for e-forvaltning (www.rnef.no). Det siste prosjektet på grunn av Vestlandsforsking si rolle som knutepunkt for elektronisk samhandling i offentleg sektor.