Campus Seminar 12. juni: Informasjonsteknologi som verktøy for redusert energibruk?

Telenor arbeider for å redusere energi- og miljøbelastningen frå eiga verksemd,  for eksempel energibruk i bygningar, avfall og tilsette sine tenestereiser, og ønskjer også gjennom sine tenester å ta initiativ til  og  bidra til å redusere energi- og miljøbelastningen i samfunnet, for eksempel ved bruk av videokonferansar, e-handel og ”smarte” bustader.

På oppdrag frå Telenor har Vestlandsforsking utarbeidd eit forslag til eit eittårig forskingsprosjekt knytt til Telenor sin miljøstrategi og miljøverknader  av telekomprodukt. Problemstillinga i prosjektet er om telekom og IT kan vere eit verktøy for å fremje ei berekraftig utvikling og redusere energiforbruket i samfunnet.

I denne samanhengen har Telenor og Vestlandsforsking eit halvdags Campusseminar tysdag 12.juni. Her vil vi få høyre kva Telenor gjer internt av miljøarbeid i dag. Vidare vil vi få ulike bidrag om dei kompliserte samanhengane mellom IKT (informasjons- og kommunikasjonsteknologi), berekraftig utvikling og miljø. Frå Telenor bidreg Einar Flydal, seniorrådgjevar ved Telenor R&I, og Eyvind Lome, miljørådgjevar i konsernet. Frå Vestlandsforsking bidreg forskingsleiar Erling Holden og Dr. Otto Andersen.

Forelesingane er opne for alle.

Program - Telekom og IT: verktøy for berekraftig utvikling.pdf (53.57 K)

Kontaktperson hjå Vestlandsforsking: Erling Holden eller tlf. 57676150.

Påmelding: post@vestforsk.no tlf. 57676150