Trainee-ar til Vestlandsforsking

Vestlandsforsking søker etter trainee-ar på følgjande område:

  •  Transport, energi og miljø
  •  Klima og klimatilpassing
  •  Reiseliv og miljø
  •  Industriell økologi og livsløpsanalyse (to-årig - samarbeid med Hydro)
  •  IKT (sjå nedanfor)

Vi kan lova spennande arbeidsoppgåver i eit stort miljø ved Fosshaugane Campus i Sogndal, ei samling verksemder med til saman meir enn 500 arbeidsplassar og fleire tusen studentar og elevar. Arbeid ved Vestlandsforsking gir deg stor fridom i utforming av eigen arbeidsplass, men i eit godt samarbeid og med god hjelp frå kollegaer.

For alle stillingane er kontorplassen ved Vestlandsforsking i Sogndal. Søkjarane må ha minimum fullført mastergrad.

Kontaktperson: direktør Agnes Landstad, Tlf: 915 46 610,
e-post: agnes.landstad.@vestforsk.no,

Søknadsskjema og meir om trainee-ordninga finn du på http://www.traineesfj.no/

Kva skjer i Sogndal?

Forskingsområdet for IKT tel for tida 10 personar og vi vil gjerne bli fleire. Vi arbeider mellom anna med følgjande tema:

- brukargrensesnitt og informasjonsarkitektur (rådgiving for etablering av nettsider, portalar m.m.)
- semantisk web (neste generasjons nett-tenester)
- eforvaltning (IT i offentleg sektor)
- IT og helse
- IT og reiseliv

Stillinga som trainee ved Vestlandsforsking kan også gi mulegheiter for ei vidare kvalifisering gjennom eit doktorgradsopplegg for den rette personen.

Her er nokre eksempel på IKT prosjekt vi arbeider med i 2008:

”På veg” Mobile løysingar for transportsektoren. Utvikling av prototype for informasjons- og underhaldningssystem i (ekspress-)bussar.

”Kvalitet på nettstader” Kva kjenneteiknar gode nettstader? Utforming av indikatorar for gode nettsider (offentlege nettsider og reiselivsbaserte nettsider) og evaluering av nettstader etter slike indikatorar.

”Los” Betre integrasjon av offentleg informasjon.  Utvikling av informasjonsstruktur for offentlege tenester og eit system for utveksling av offentleg informasjon mellom ulike offentlege nettstader.

”Classification, Taxonomies and Semantic” Vi arbeider med semantiske teknologiar på eit anvendt plan. I dette prosjektet blir det arbeidd med utvikling og forbetring av ontologiar som grunnlag for utvikling av kravspesifikasjonar, etablering av evalueringssystem (sjekklister) for måling av brukarvennlegheit og definisjonar av utvekslingsformat.