Campus Seminar 6. februar: "Vestlandets historie"

Onsdag 6. februar blir det seminar om "Vestlandets historie". Bakgrunnen for seminaret er praktverket "Vestlandets historie" som kom ut hausten 2006 etter initiativ og finansiering av Sparebanken Vest. Arbeidet starta midt i den politiske debatten om ny regionforvaltning - ein debatt som no har stilna merkbart. Kvifor skriv ein Vestlandets historie? Har verket gitt oss nye innsikter, og kva fortel historieverket oss om Sogn og Fjordane sin posisjon i landsdelen?

Seminaret finn stad i Stadionbygget på Fosshaugane Campus og startar kl. 18.00.

Program:

  • Pål W. Lorentzen, styreleiar Sparebanken Vest: Banken som historieskrivar: Kvifor har Sparebanken Vest finansiert arbeidet med Vestlandets historie?
  • Knut Helle, professor emeritus Universitetet i Bergen: Fagleg bakgrunn for Vestlandets historie. Har historieverket så langt fått noko å seie for sogningane?
  • Narve Bjørgo, professor emeritus Universitetet i Bergen: Kva vart det av vestlandsidentiteten? Om identitet, vestlandshistorie og regionbygging.
  • Anders Haaland, seniorrådgivar ved Norges Fiskerimuseum: Sogn og Fjordane - taparen i moderniseringa av Vestlandet? Folketalsutviking, urbanisering og modernisering i eit tohundreårspespektiv.
  • Oddbjørn Bukve, professor Høgskulen i Sogn og Fjordane: Vestlandet – kva slags regionalisering?
Linda Gytri er tidlegare student ved Sibelius-akademiet i Helsinki og spelar trekkspel for oss

Møteleiar: Aage Engesæter, direktør, De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Seminaret er gratis og det vert lett servering. På grunn av servering og plassomsyn vil vi gjerne ha ei påmelding til ts@sogndalfotball.no