Reisemålsutvikling - "Train the Trainers-kurs"

Marte Lange Vik var innleiar på Innovasjon Norge sitt "Train the trainers-kurs"  for konsulentar som skal utdanne konsulentar som skal rettleie og kurse reiselivsrepresentantar i reisemålsutvikling etter Innovasjon Norge si "Hvitebok for reisemålsutvikling".

Så langt er det berre konsulentselskapet Mimir som har hatt løyve frå Innovasjon Norge til å rettleie i reisemålsutvikling. No blir fleire utdanna for å kunne hjelpe fleire fram. I samband med dette, og på bakgrunn av dei politiske retningslinene på dette området, blir det lagt meir vekt på berekraftig reiseliv, og vårt Forskingssenter for berekraftig reiseliv hadde ansvaret for innhaldet i denne delen av kurset.

Marte Lange Vik sitt foredrag: Berekraftig reiseliv

Hvitebok for reiselivsutvikling