Campus Seminar 3. febr.: "Web 2.0 og framtidsfylket" NB! Seminaret er flytta til Foss

Web 2.0 er her, men er framtidsfylket i bakleksa?

Det er spørsmålet me stiller tysdag 3. februar. Distriktsredaktør Kai Aage Pedersen i NRK S. og Fj. kjem saman med kollegaen Øyvind Solstad i NRKbeta for å udjupa temaet. Trauste NRK har med eitt vorte mellom dei fremste til å ta i bruk nye verktøy, NRKbeta vart m.a. kåra til den beste norske bloggen i 2008. Leiar i IT-forum Sogn og Fjordane, direktør Atle Hamar i Lotteri- og Stiftelsestilsynet, kjem også og svarer på utfordringane frå NRK! Til slutt vil Øystein Åsnes i Fylkeskommunen (Fylkesarkivet) gi oss nokre eksempel på web 2.0-planar i kultursektoren.

NB! På grunn av stor interesse er seminaret flytta til auditoriet F300 på Foss (3. etasje). Seminaret startar kl. 11:00 og me tek ein lunsjpause ca. kl. 11:45.

Program:
11:00   Kva er web 2.0 og korleis ta fenomenet i bruk?
             Øyvind Solstad, redaktør for NRKbeta

11:45   Lunsj i Campus-kantina (men de må ordna med mat sjølve)

12:30   Web 2.0 er her, men er framtidsfylket i ei digital bakevje?
 Distriktsredaktør Kai Aage Pedersen, NRK Sogn og Fjordane
13:00   Korleis tek me utfordringa?
Leiar i IT-forum Sogn og Fjordane, direktør Atle Hamar, Lotteri- og Stiftelsestilsynet

13:30   Web 2.0 i kultursektoren
ABM-koordinator i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Øystein Åsnes
Seminaret er gratis, men send oss ein epost med påmelding til sol@vestforsk.no eller nah@vestforsk.no.