Effektar frå COVID 19 på cruiseturisme til Vestlandet (ECOVET)
Koronapandemien har lagt ein dempar på reising over heile verda, og den norske reiselivsnæringa er hardt råka. Cruisenæringa er blant dei som har fått eit hardt slag, og ECOVET går ut på å kartlegge kva den kraftige reduksjonen i cruiseturisme har å seie for Vestlandet. Forskarane og dei tre fylkeskommunane skal kartlegge konsekvensar i samanheng med tre pilarar for berekraft:
(1) Kva økonomiske følgjer har bortfallet av cruiseturisme i 2020, dvs. kor stort er inntektstapet?
(2) Korleis er utsleppa i løpet av ein sesong med redusert cruiseturisme?
(3) Korleis reagerer innbyggjarar og norske turistar på typiske turiststader på fråværet av cruiseturistar?
Prosjektet vil diskutere berekraftig tilpassingar i reiselivet på kort og lang sikt med ei breitt samansett referansegruppe. Her møtast representantar for cruisenæringa, cruisedestinasjonar, offentlege ynde, maritim næring og forskarar jamleg i prosjektperioden.
Deltakarar
Prosjektet er forankra i gruppa som jobbar med handlingsplan for cruisestrategien på Vestlandet og forskinga utført i prosjektet skal gje direkte innspel til handlingsplanen. Prosjektkoordinator vil være Trond Amland som leder arbeidet med handlingsplanen. Gruppa som jobbar med handlingsplanen består elles av: Beate Bergsholm (Vestland fylkeskommune), Anne Silje Sylvarnes (Vestland fylkeskommune), Lillian Sæther (Møre og Romsdal fylkeskommune) og Randi Klæbo (Rogaland fylkeskommune). Professor Stefan Gössling Vestlandsforsking vil være prosjektleiar, og ha ansvaret for dei faglege leveranse i prosjektet.