Foto
Cruise ships are rather a common sight in the fjords of Western Norway, but in the summer of 2020, hardly any ships could be spotted in these fjords.

Korleis cruisenæringa på Vestlandet blir etter korona-pandemien, er blant det Vestlandsforsking skal forske på i haust. Instituttet startar opp tre nye prosjekt om framtida for reiselivet i lys av koronakrisa og klimaendringane.

Vestlandsforsking startar opp to norske og eitt internasjonalt prosjekt om berekraftig reiseliv sommaren, i etterkant av den mest særeigne sommaren næringa har opplevd på fleire tiår.

Ein svart sommar

For mange på Vestlandet er fråværet av svære skip det mest synlege beviset på at sommaren har vore annleis. Av alle i norsk reiseliv som har lidd under koronapandemien, er kanskje cruiseturismen hardast råka.

– Globalt er det snakk om kor vidt næringa overlever i det heile tatt. Cruisenæringa får ingen hjelpepakkar, medan flynæringa blir redda, seier forskar Hans Jakob Walnum ved Vestlandsforsking om det spesielle bakteppet for forskinga han skal i gang med.

Det er konsekvensane av krisesesongen for cruise på Vestlandet som skal undersøkast. Studien, som blir utført i samarbeid med dei tre fylkeskommunane i vest, har inntektstap som eitt av tre punkt. Det vi er blitt sparte for av utsleppa frå skipa, skal òg kalkulerast. Det tredje spørsmålet er kanskje aller mest interessant: Korleis har folk opplevd sommaren 2020 på stader der passasjerane brukar å myldre i sommarmånadene? Er innbyggjarane for det meste letta eller skuffa?

Kan kome att i ny drakt

Prosjektet jobbar tett med arbeidsgruppa som for tida skriv ein ny handlingsplan for cruisestrategien på Vestlandet. Eit mål er difor å gje råd om korleis cruiseturismen kan bli i framtida. 

– Dette er sjølvsagt vanskeleg å forutsjå fordi ingen veit kor lenge koronakrisa varer. Når og viss skipa på nytt blir eit vanleg syn i fjordane og langs kysten, kan det gje høve til endringar, til dømes mindre og meir miljøeffektive skip, krav om landstraum og meir vekt på lokal verdiskaping.

– For lokalsamfunna cruiseskipa besøker, er det til dømes rom for tettare samarbeid mellom cruisenæringa og opplevingsnæringa lokalt, der ein til legg til rette for lengre opphald, seier Walnum.

Foto
Større vekt på opplevingar i land og lokal verdiskaping kan bli viktigare om cruisenæringa skal satse vidare i norske fjordar, som Fjærlandsfjorden i Sogn. (Foto: Bård Huseby)

Til brebygda Fjærland har Hurtigruten til dømes planlagt å sende små, spesialbygde ekspedisjonsskip. Skipa kjem om vinteren, og skal ligge der ein heil dag.

Desse grepa gjer at fleire i bygda er positive.

Les meir om Ecovet (Effektar frå Covid-19 på cruiseturisme til Vestlandet) på nettsidene våre.

Klimarelatert risiko tema for stort prosjekt

I reiselivet håpar nok mange at korona-året 2020 blir eit unntak vi snart kan legge bak oss. Men om ein ser på korleis klimaendringane er venta å påverke reiselivet om berre eit par tiår, blir den vonde 2020-sesongen berre for ein forsmak å rekne, seier forskingskoordinator ved Vestlandsforsking, Stefan Gössling. Det dreier seg både om ekstremvêrhendingar og til dømes at snøen uteblir i skisesongen, men òg om at styresmaktene legg opp til ein strengare klimapolitikk som til dømes straffar flytransport. 

– Dessverre har eg inntrykk av at få av aktørane i reiselivet anar kor store problem klimaendringane vil by på om nokså kort tid, seier Gössling. Den erfarne forskaren skal leie det nye, internasjonale prosjektet TourRISK, der føremålet er å kartlegge korleis reiselivet kan omstillast for å takle ulike typar risiko i åra som kjem.

Kan ikkje vende tilbake til det som var

Den største omstillinga gjeld sjølvsagt utslepp, ettersom målet Norge har forplikta seg til er null utslepp alt innan 30 år. Dramatisk for enkelte, og desto verre om vi ventar med tiltaka, slik at kutta må gjennomførast på endå kortare tid, forklarer Gössling. 

– Visse former for turisme må truleg veljast vekk, altså dei som står for dei største utsleppa.

Prosjektleiaren ser koronakrisa som ein sjanse politikarane er nøydde til å gripe. 

Foto
- I framtida må vi reise kortare og på andre måtar, seier forskingskoordinator Stefan Gössling ved Vestlandsforsking.

– Ein bør bruke denne tida til å innføre ein karbonskatt. Vi kan ikkje gå tilbake til det som var, slår han fast, og viser til dei store krisepakkane flynæringa har fått frå statleg hald.

Prosjektet har ei totalramme på 12,5 millionar kroner. Vestlandsforsking har med seg fire norske forskingspartnarar og forskarar frå Nederland, Canada og Australia. Frå reiselivet deltek òg fleire store reiselivsselskap.

Kystreiseliv på veg opp

Eit tredje prosjekt om berekraftig reiseliv er i gang i Ytre Nordfjord. I området rundt landets vestlegaste punkt er reiselivet på full fart framover. Eit av magnetane i området er klosterøya Selja, som har fått eit eige pilegrimssenter. Mange vil òg til dei kvite sandstrendene på Stadlandet, som ligg i små viker mellom bratte fjell, ikkje ulikt surfestadene i Lofoten.

Straumen av tilreisande gir eit godt grunnlag for sysselsetjing og verdiskaping, men har òg ført til bekymringar og potensial for konfliktar, til dømes om masseturisme frå cruisetrafikk, kor vidt ein skal krevje turistskatt i området, innskrenking av allemannsretten og kvar vegen skal gå vidare for reiselivet i regionen. Med prosjektet ønskjer aktørane i Ytre Nordfjord å stake ut ein kurs for reiselivsutviklinga på Stad og Selje som mellom anna toler endringar i den globale marknaden og strengare utsleppskrav i transportnæringa.

Foto
Øya Selja har vore eit viktig mål for pilegrimar i mange hundre år og har gitt opphav til kulturbasert turisme i området. Nyleg blei eit regionalt pilegrimssenter etablert i Selje. (Foto: Svein-Magne Tunli https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Selje_kloster_Abbey_Selja.jpg)

Ei felles forståing av retning

Vestlandsforsking skal gjennom kunnskapsutvikling vere med å byggje grunnmuren for den berekraftige reiselivsutviklinga som næringsliv og innbyggjarar i Ytre Nordfjord ønskjer seg. Deltakarane frå Ytre Nordfjord skal prøve ut nye tenester og produkt som kan bidra til at Ytre Nordfjord får eint meir berekraftig reiselivsutvikling. 

Prosjektet vert leia av Stad Vekst AS, og er finansiert av Vestland fylkeskommune. Dei viktigaste aktørane innan reiseliv og opplevingar, overnatting, transport og servering er med i arbeidet. Prosjektet startar hausten 2020 og går ut 2021.

Les meir om prosjektet her