Kort og konsist om forsking - kom på Speedforsking!
Å legge fram forskinga si med få og enkle ord, er eit ideal på frammarsj i akademia. Under Forskingsdagane skal fleire forskarar frå Vestlandsforsking delta på slike arrangement. Det eine føregår i Sogndal.
Interessert i forsking, men ikkje i innvikla og langtekkelege forklaringar? Ta ein tur på arrangementet Speedforsking i Sogndal 15. september.
I høve Forskingsdagane i Sogndal arrangerer Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet Speedforsking saman onsdag 16. september kl. 13.30-14.30 i Guristova (klasserom i 1. etasje). Her får du høyre åtte forskarar snakke i tre minutt kvar om forskinga si.
Cruise og korona, problemspeling og bresmelting
Frå Vestlandsforsking deltek tre forskarar: Hans Jakob Walnum, Gilda Seddighi og Tone Rusdal. Dei tek for seg sommaren utan cruiseturistar, korleis ein kan førebygge at dataspel blir til eit problem og ny forsking på Jostedalsbreen, som mellom anna ser på korleis lokalsamfunna rundt breen vil bli påverka av klimaendringane. Ordstyraren for Speedforsking er òg frå Vestlandsforsking - direktør Anders-Johan Almås leier arrangementet.
Dette er forskinga du får høyre om:
- Behandling av oppmerksomhetsproblem og lesevanskar med sensorisk støy v/ Göran Söderlund, HVL
- Cruise og korona v/ Hans Jakob Walnum, Vestlandsforsking
- Overvaking av ustabile fjellparti langs E16 v/ Thomas Scheiber, HVL
- Når dataspel blir eit familieproblem: Førebygging av problemspeling v/ Gilda Seddighi, Vestlandsforsking
- Middelalderen – hvorfor bør vi fortsatt bry oss om fortida? v/ Pål Berg Svenungsen, HVL
- Sosiomaterielle vilkår for tenesteyting og brukarmedverknad i NAV v/ Kjell Einar Barsnes, HVL
- Kva skjer når breen smeltar? v/ Tone Rusdal, Vestlandsforsking
- Hjernens regulering av idrettsprestasjon v/ Christian Frøyd, HVL
Vi serverer kaffi og kaker.
Merk at arrangementet har påmelding! Vi har 50 plassar. Bruk denne lenkja: https://forms.gle/rrPduELmhiFgq2Hy5
Forskar Grand Prix i Bergen
Kort og konsist er òg idealet når ti forskarar skal i elden i Bergen 23. september.
Forsker Grand Prix er ein formidlingskonkurranse fleire av universiteta held. Deltakarane skal gjere alt dei kan for å fenge publikum og dommarane, og dei har berre fire minutt på seg. Tre av dei går vidare til finalen, der dei får fire nye minutt til å vinne hjarta til dommarane og andre som ser på.
Ragnhild Freng Dale frå Vestlandsforsking er ein av tre dommarar i panelet når Forsker Grand Prix 2020 går av stabelen i Bergen.
Arrangementet vil bli sendt via nettet på grunn av korona-avgrensinga av talet på publikummarar. Du kan stemme på forskarane du synst gjer den beste jobben, også om du deltek som digitalt publikum.
Det fysiske arrangementet går føre seg i Universitetsaulaen i Bergen 23. september frå kl. 19 av. Lenkja til det digitale arrangementet og informasjon om korleis du kan stemme, finn du her.