Design og gamle handverkstradisjonar som innovasjonskraft for berekraftig vareproduksjon og eit kulturbasert reiseliv

Dreis logo
Her er logoen til DREIS, laga av ulike naturmateriale brukt i reipslaging ved HFS, f.v: kokos, manila, bomull, hamp, papir, tjæra hamp, hampefiber.

DREIS er eit prosjekt som vil undersøke korleis immateriell kulturarv, som tradisjonshandverk og gamal kunnskap omnaturmaterialer kan spele ei rolle for meir berekraftig vareproduksjon og styrke det kulturbaserte reiselivet i Kvam. Vestlandsforsking vil samprodusere kunnskap med kulturforvaltarar, kulturformidlarar og handverkarar ved Hardanger og Voss museum (HVM) og Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) og kultur- og næringsavdelinga i Kvam herad. Prosjektet vil samle og systematisere data om tilgjengeleg biomateriale i Kvam, som kan nyttast i ulike former for handverksproduksjon. Vi vil særleg sjå på om lokale fibermateriale, t.d. råull frå gamalnorsk spelsau, hestetagl, lin, lind, nesle, kan inngå i produksjonen av naturtau ved HFS, og erstatte bruk av importerte hampefiber frå Kina. Målet for HFS er å auke produksjonen av tau ved reiparbana til HFS, lage like sterke og funksjonelle naturtau men med lågare klimafotavtrykk enn det hampetaua dei lagar i dag har. Vi vil bruke designdrevne innovasjonsprosessar til å samskape og skisse prototypar av minst to nye varer/produkt laga av tau frå lokale bioråstoff til det nye besøkssenteret ved HFS. Dei nye designskissene for nye produkt av naturtau, skal stillast ut ved HFS, og vil vise fram både potensialet for produktutvikling basert på tradisjonshandverket reipslaging, men kan også gje ein ny reiselivsattraksjon og brukast i kulturformidlinga til museet. Andre innovasjonar i DREIS er ein enkel database over tilgjengelege bioråstoff med moglege bruksområde innan handverks-/lokalmat-/

Bioressursar
Figur 1: Viser oppbygginga av eit hovudprosjekt som vil sjå på mange ulike bioressursar, handverkstradisjonar, biobasert vareproduksjon og kulturbasert reiselivstilbod i kommunar i heile Vestland. Forprosjektet DREIS si avgrensing er vist i grått i figuren.

småskalaproduksjon i Kvam. Vi utviklar også Handverksløypa, eit digitalt kart over handverksbaserte reiselivsopplevingar, som vil fremje kulturturismen i Kvam. Vi vil utvikle nye berekraftsindikatorar for handverksprodukt, som seinare skal inngå i ny metodikk for berekraftsanalyse. Målet med DREIS er å auke berekraftig verdiskaping innan landbruk, varehandel, design, handverk/småskalaproduksjon og det kulturbaserte reiselivet i Kvam

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Regionale forskningsfond Vestland
I samarbeid med:
Hardanger og Voss museum
Hardanger fartøyvernsenter
Kvam herad
Prosjektnummer:
6643
Prosjektleiar:
Seniorforskar og gruppeleiar Teksam
Prosjektmedarbeidarar:
Seniorforskar
Seniorforskar og EU-rådgjevar
Aktuelt:
  • LMD på Amble Gård

    Smart teknologi spelar ei viktig rolle i landbruket sin del av det grøne skiftet. Nyleg fekk ei avdeling frå Landbruks- og matdepartementet høyre om spennande, ny forsking på teknologien som står sentralt i denne overgangen, og forsking på klimatilpassing og klimarisiko som kryssar landegrenser.

  • Portrett av Torunn G. Hønsi, gruppeleiar ved Vestlandsforsking

    Giftstoff og verknaden av dei har følgt Torunn G. Hønsi gjennom heile yrkeslivet. Nyleg vart øko-toksikologen gruppeleiar for teknologi- og samfunnsforskarane ved Vestlandsforsking. Ho gler seg til å lage nye koplingar mellom områda miljø og teknologi.