Marta har ein mastergrad i økologisk toksikologi ved Universitetet i Tromsø (2010) og ein bachelorgrad i generell biologi frå same universitet (2007), i tillegg til fleire kurs i arktisk biologi ved Universitetssenteret på Svalbard. Masteroppgåva hennar har tittelen "The antioxidant system of arctic seabirds and the effect of HOCs on antioxidant capacity of kidney tissue" ogser på korleis antioksidant-forsvaret til arktisk sjøfugl vert påverka av miljøgifter. Marta vart tilsett ved Vestlansdforsking i 2019. Ho har bakgrunn innan klima og miljø i kommunal forvaltning (2015-2019) og har jobba på arktisk forskingsstasjon i Ny-Ålesund (Svalbard), for Norsk polarinstitutt (2011-2015).
Forskingsinteressene hennar er korleis klimaendringar kan påverke utslepp av miljøgifter og ureining, heilskapleg klimatilpassing og risikovurdering, bevaring av naturmangfald og naturressursar, auka matsikkerheit og grenseoverskridande klimarisiko (klimaendringar i andre land som kan påverke Noreg).
I senterleiinga ved Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt) har Marta rolla som brukarkontakt. Ta kontakt med Marta dersom du vil vite korleis senteret kan hjelpe samfunnsaktørar å bli betre på klimatilpassing. Ho kan hjelpe deg i å komme i kontakt med eit breitt nettverk av fagfolk innan klimatilpassing. Noradapt er stadig ute etter innspel på klimautfordringar og tiltak det burde forskast meir på.