Seminar om grenseoverskridande klimarisiko i Vestland
27. november, 2023, inviterte Vestlandsforsking representantar frå landbruksavdelingane hjå fylkeskommunen og statsforvaltaren, samt KlimaVest, til seminar kring korleis grenseoverskridande klimarisiko har og kan få innverknad på jordbruket i Vestland. Eit viktig mål for møtet var å orientere kring korleis fylkeskommunen og statsforvaltaren arbeidar med desse problemstillingane idag, og korleis vidare satsing innen feltet kan sjå ut framover. Det er stor interesse for tematikken, og på nyåret vil me treffast på nytt for å undersøke risikoeigarskap av grenseoverskridande risikoar i jordbruket i regionen nærmare.