Kven lagar reglane for dataspeling når mamma og pappa bur i eit anna land? I eit nystarta prosjekt er temaet spelevanar hos unge, ikkje-vestlege menn utan familie i Norge. – Vi veit lite om korleis denne gruppa har det, seier prosjektleiar Gilda Seddighi ved Vestlandsforsking.
Å legge fram forskinga si med få og enkle ord, er eit ideal på frammarsj i akademia. Under Forskingsdagane skal fleire forskarar frå Vestlandsforsking delta på slike arrangement. Det eine føregår i Sogndal.
Kva med eit lunsjforedrag eller eit fagleg innslag på personalmøtet? I år låner Vestlandsforsking ut to forskarar under Forskingsdagane. Ta ein kikk på det Kyrre Groven og Gilda Seddighi har å formidle!
Når dataspel blir det viktigaste i ungdommar sitt liv, er mange foreldre usikre på kva dei skal gjere. Problema er særleg store i innvandrarfamiliar. – Foreldra treng meir råd, og helst tidlegare, meiner Gilda Seddighi ved Vestlandsforsking.
Gilda Seddighi har saman med kollegaer frå både Vestlandsforsking og NLA Høgskolen Gimlekollen forska på problemskapande bruk av dataspel hjå unge i ikkje-vestlege innvandrarfamiliar. Fleire funn overraska henne.
– Vi ser no korleis foreldre navigerer i «mørke» på leit etter informasjon og hjelp når dataspeling skapar vanskar i heimen, seier ho.