Foto
Det forskarane gjer på arrangementet speedforsking, er å halde ein tre minutt lang pitch, altså ei kjapp og entusiastisk framlegging av eit forskingstema.

Å legge fram forskinga si med få og enkle ord, er eit ideal på frammarsj i akademia. Under Forskingsdagane skal fleire forskarar frå Vestlandsforsking delta på slike arrangement. Det eine føregår i Sogndal.

Interessert i forsking, men ikkje i innvikla og langtekkelege forklaringar? Ta ein tur på arrangementet Speedforsking i Sogndal 15. september.

I høve Forskingsdagane i Sogndal arrangerer Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet Speedforsking saman onsdag 16. september kl. 13.30-14.30 i Guristova (klasserom i 1. etasje). Her får du høyre åtte forskarar snakke i tre minutt kvar om forskinga si.  

Cruise og korona, problemspeling og bresmelting

Frå Vestlandsforsking deltek tre forskarar: Hans Jakob Walnum, Gilda Seddighi og Tone Rusdal. Dei tek for seg sommaren utan cruiseturistar, korleis ein kan førebygge at dataspel blir til eit problem og ny forsking på Jostedalsbreen, som mellom anna ser på korleis lokalsamfunna rundt breen vil bli påverka av klimaendringane. Ordstyraren for Speedforsking er òg frå Vestlandsforsking - direktør Anders-Johan Almås leier arrangementet.

Dette er forskinga du får høyre om:

Vi serverer kaffi og kaker. 

Merk at arrangementet har påmelding! Vi har 50 plassar. Bruk denne lenkja: https://forms.gle/rrPduELmhiFgq2Hy5

Kart over campus Sogndal

 

Forskar Grand Prix i Bergen

Kort og konsist er òg idealet når ti forskarar skal i elden i Bergen 23. september.

Foto
Ragnhild Freng Dale, Vestlandsforsking

Forsker Grand Prix er ein formidlingskonkurranse fleire av universiteta held. Deltakarane skal gjere alt dei kan for å fenge publikum og dommarane, og dei har berre fire minutt på seg. Tre av dei går vidare til finalen, der dei får fire nye minutt til å vinne hjarta til dommarane og andre som ser på.

Ragnhild Freng Dale frå Vestlandsforsking er ein av tre dommarar i panelet når Forsker Grand Prix 2020 går av stabelen i Bergen.

Arrangementet vil bli sendt via nettet på grunn av korona-avgrensinga av talet på publikummarar. Du kan stemme på forskarane du synst gjer den beste jobben, også om du deltek som digitalt publikum.

Det fysiske arrangementet går føre seg i Universitetsaulaen i Bergen 23. september frå kl. 19 av. Lenkja til det digitale arrangementet og informasjon om korleis du kan stemme, finn du her.