Digitalisering
Reiselivet er ei av dei næringane som har endra seg mest dei siste tiåra på grunn av framveksten av Internett og digitalisering på stadig fleire område. Booking har lenge vore ei føretrekt digital teneste, og brukaromtalar har òg vakse fram som eit viktig element i val av til dømes reisemål og overnattingsstader.
Vi studerer effektar av denne typen digitalisering og prøver å forutsjå kva for teknologiske nyvinningar som kan bli viktige også for reiselivet i den næraste framtida.