Digitaliseringsministeren møtte eit høgkompetent digitaliseringsmiljø i Sogn

Bilde av digitaliseringsminister Karianne Tung sammen med reprensentanter for ulike virksomheter i Sogn
Bak frå ventre: Erik Kyrkjebø (HVL), Espen Rørvik Tjøstolvsen (Tilsynet for universell utforming), Atle Sivertsen (Highsoft), Ola Alsterholm (Statsforvaltaren i Vestland), framme frå venstre: Torill Skårhaug (NAV Økonomiteneste), Egil Mundal (Rocketfarm), ordførar Stig Ove Ølmheim, statsråd Karianne Tung, Ingrid Dahl Hovland og Henny Kristin Asperanden Navarsete (Statens vegvesen), Anne Karin Hamre (Vestlandsforsking), Linn Solbakken (Statens vegvesen). Foto: Silje Drevdal (Statens vegvesen).

Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung har vore i Sogn og møtt bedrifter, forvaltning, forsking og utdanning, som til saman utgjer eit sterkt og attraktivt digitaliserings- og teknologimiljø.

Under besøket i Sogn fekk statsråden sjå mange spennande og nyskapande initiativ i regionen. Etter å ha vitja Digitaliseringsdirektoratet, Statsforvaltaren i Vestland og fått omvising hjå Statens vegvesen, møtte statsråden fleire verksemder som både fekk høve til å presentere eigne arbeidsfelt og korleis vi samarbeider på tvers for å byggje kompetanse og bidra til utviklande og attraktive arbeidsplassar i regionen.

Verksemdene som deltok på møtet, var Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet, Nav Økonomiteneste, Highsoft, Rocketfarm, Tilsynet for universell utforming av IKT, Statens vegvesen og Statsforvaltaren i Vestland.

Fortalde om satsing

Portrett av Anne Karin Hamre
Direktør ved Vestlandsforsking, Anne Karin Hamre. (Foto: Falkeblikk)

Direktør Anne Karin Hamre fortalde om Vestlandsforsking si forsking innan grøn og digital omstilling, bruk av kunstig intelligens og digitale verktøy til å styrke arbeidet med samfunnssikkerheit, og korleis vi arbeider for å byggje kompetanse og kapasitet innan digitalisering og teknologi i regionen. Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking har nyleg ferdigstilt det seksårige kapasitetsløft-prosjektet Teknoløft, som har bidrege til eit langt større fagmiljø og fleire nye satsingar innan teknologi og digitalisering i regionen.

Peika på behov

Statsråden spurte om korleis interessa er hjå næringslivet i Vestland er for å medverke i og ta i bruk forsking. Mange lokale verksemder er interessert, men både Hamre og Erik Kyrkjebø frå Høgskulen peika på at mangel på tid og kapasitet er ei utfordring i mange små og mellomstore bedrifter. Dette syner behovet for verkemiddel som bidreg til å kople saman bedrifter og forskingsmiljø. – Nett difor er det uheldig om FORREGION, som er mange mindre bedrifter sin første inngang til forsking, vert avvikla, slik det er kome framlegg om i neste års statsbudsjett, sa Hamre og Kyrkjebø.