Foto
Desse forskarane, Kyrre Groven og Gilda Seddighi ved Vestlandsforsking, stiller opp på foredrag under Forskingsdagane.

Kva med eit lunsjforedrag eller eit fagleg innslag på personalmøtet? I år låner Vestlandsforsking ut to forskarar under Forskingsdagane. Ta ein kikk på det Kyrre Groven og Gilda Seddighi har å formidle!

Tradisjonen tru tilbyr Vestlandsforsking gratis føredrag under Forskingsdagane, den årlege, landsdekkande forskingsfestivalen som i år går føre seg frå 16.27. september. Konseptet "Bestill ein forskar" går ut på at interesserte verksemder kan ta kontakt for å be forskaren om å kome til dei for å formidle frå forskinga si.

I år er stikkorda berekraftig tettstadutvikling og førebygging av problemspeling blant barn og ungdom. 

Forskarane du kan bestille, er Kyrre Groven (miljø og samfunn) og Gilda Seddighi (teknologi og samfunn). Nedanfor kan du lese meir om kva tema dei to kan snakke om.

Korleis har Sogndal utvikla seg dei siste 30 åra?

Kyrre Groven set søkelyset på arealbruken i og rundt tettstadene i Sogndal, og spør korleis utviklinga har vore dei siste tretti åra.

Foto før og no
Gjenfotografering gir eit hint om kva endringar som har skjedd på ein stad. Leif Hauge ved Høgskulen på Vestlandet har teke desse bileta av Sogndal i 1995 (øvst) og 2018.

Vi ønskjer alle gode og attraktive lokalsamfunn som får utvikle seg og blomstre utan at det går på kostnad av trivsel og viktige natur- og kulturverdiar. Dette krev god arealdisponering, noko som kan vere vanskeleg å få til i praksis, ettersom det er så mange omsyn og ofte kryssande interesser som blir påverka av arealbruken, seier Groven, som for tida er involvert i fleire forskingsprosjekt som tar for seg korleis små og mellomstore tettstader kan utvikle seg på berekraftig vis.

I det eine prosjektet, Vilkår for berekraftig tettstadutvikling (Surround), spelar Sogndal ei sentral rolle som studieobjekt. Bygdebyen har vakse sterkt dei siste tiåra, og ulike interesser står mot kvarandre i val av vidare utbyggingsmønster.

Saman med Liv Norunn Hamre ved Høgskulen på Vestlandet har Groven nyleg fått fram kunnskap om korleis arealbruken i Sogndal har utvikla seg frå 1990 og fram til i dag. Dette kan vere eit godt utgangspunkt for å diskutere prinsipp for vidare arealdisponering.

Les omtalen på Forskingsdagane sine nettsider

Når dataspel blir eit familieproblem

Problem-bruk av dataspel blant barn og ungdom er det andre temaet i år. Ei negativ utvikling i måten barn og ungdom brukar dataspel på, skapar bekymringar blant mange foreldre.

Mange dataspel krev at ein er online lenge av gangen, og det kan kome i konflikt med familieliv og plikter som skulearbeid, forklarer Gilda Seddighi. I foredraget ho tilbyr, er hovudpoenget korleis ein kan førebygge problematiske dataspel-vanar.

Teikneseriestripe
Utrdrag frå ein teikneserie skriven av Carol Azungi Dralega (tidlegare Vestlandsforsking, no NLA Høgskolen) og illustrert av John Cei Douglas.

Vi har observert eit stort behov for informasjon om korleis foreldre kan handtere dataspel, spesielt blant innvandrarfamiliar med avgrensa norskkunnskap. Desse foreldra har òg mindre oversikt over kor det er hjelp å få og kan frykte konsekvensane av å ta kontakt, seier Seddighi. Ho deler gjerne innsikt om det aktuelle temaet med interesserte i andre yrkesgrupper, som skule og helse.

Seddighi har nyleg vore med i eit prosjekt der forskarane utarbeidde nye hjelperessursar om problemspeling. Oppdragsgjevarane var Medietilsynet og Nasjonalt kompetansesenter for spillforskning.

Les "Foreldre fortvilar når dataspeling blir problematisk" på Forskning.no

Lenke til Forskingsdagane sin omtale av foredraget

Ta kontakt!

Kyrre og Gilda held foredraga sine på norsk eller engelsk. Tidspunkt, omfang og vinkling på føredraga kan avtalast.

Ta kontakt med kommunikasjonsansvarleg Idun A. Husabø på iah@vestforsk.no eller 41 46 93 28 dersom du vil vite meir eller ønskjer å bestille ein av forskarane.

Sjå lista med alle årets "Bestill ein forskar"

Lyst på smakebitar frå forsking som føregår i Sogndal? Les om arrangementet Speedforsking 16. september, der tre frå Vestlandsforsking deltek!

 

Logo