Vilkår for berekraftig tettstadutvikling (Surround)
Urbanisering er eit av dei mest framtredande trekka ved vår tidsalder, og i Norge bur 81 prosent av innbyggarane i byar og tettstader. Urbanisering har følgjer for miljø og samfunn, ikkje berre i sjølve byane, men også i dei halvurbane og rurale omgivnadene. Prosjektet Sustainable urbanisation requirements of small and medium-sized urban settlements and their surroundings (Surround) skal gi kunnskap om korleis urbanisering påverkar miljøverdiar og kulturhistoriske verdiar i byar/tettstader og i bynære område. Prosjektet vil også kaste lys over drivkrefter som påverkar desse prosessane, og gi betre forståing av vilkåra for at urbanisering kan skje på ein berekraftig måte.
Urbanisering skjedde lenge ved at byområde spreidde seg på ein lite planmessig måte ut i omgivnadene i form av lite kompakte, arealkrevjande busettingar. På 1980-talet vart fortetting lansert som ein strategi for å motverke uheldige konsekvensar av slik byspreiing. I Norge vart fortettingsprinsippet introdusert m.a. gjennom forskingsprosjektet Natur- og miljøvennlig tettstedsutvikling (NAMIT), som gjekk frå 1988 til 1992. Sogndal, Horten, Malvik og Trondheim vart den gongen undersøkt med omsyn til ulike berekraftsindikatorar. Grunntanken med Surround er å bruke dette materialet for å etablere eit samanlikningsgrunnlag anno 1990, og med det utgangspunktet analysere prosessane som har pågått gjennom tre tiår sidan NAMIT fann stad.
Caseanalysane vil ta for seg dei same fire kommunane, og analysere endring med bakgrunn i fagfelta landskapsøkologi, kultruminnefag og governanceteori (governance betyr samstyring, ved at det offentlege styrer i lag med næringsliv og sivilsamfunn). Forskarane vil studere biologisk mangfald, landskapskvalitetar, tilgang til rekreasjonsområde og historiske urbane landskap. Kartlegging av planprosessar og haldningar til desse vil gi innblikk i drivkrefter som kan forklare korleis miljø- og kulturhistoriske verdiar har blitt forvalta. Funna frå Surround vil bli formidla vitskapleg og populært, og gi innspel til bachelor- og masterprogram ved NMBU og Høgskulen på Vestlandet.
Finansiert av: Norges forskningsråd