Sogndal kommune er viktig for Vestlandsforsking

Foto
Det langvarige samarbeidet mellom Vestlandsforsking og Sogndal kommune var eit viktig tema då Anders-Johan Almås, direktør ved Vestlandsforsking (t.v.), tok imot ordførar Arnstein Menes på Fosshaugane Campus 12. august. (Foto: Kyrre Groven)

Då ordføraren i instituttet sin nye vertskommune kom for å bli betre kjend med Vestlandsforsking, fekk han innblikk i eit 35 år langt samarbeid.

Same veke som det tok til å bli livleg på Fosshaugane Campus att etter sommarmånadene, starta òg forskarar ved Vestlandsforsking førebuingane til ein haust med søknadsskriving og nye prosjekt. På den varme augustdagen fekk fleire uventa besøk på kontoret av ein shortskledd gjest frå kommunesenteret. Sjølv om Sogndal-ordførar Arnstein Menes frå Senterpartiet har vore innom fleire gonger før, var dette hans første besøk av meir offisiel karakter. Målet var å helse på folk, høyre kva forskarane driv med akkurat no og få innblikk i kommunen og instituttet sitt tette samarbeid sidan stiftinga for 35 år sidan.

Ferske tal om sentrumsbekymringar

Eitt av forskingsprosjekta der Sogndal kommune verkeleg har vore viktig for instituttet, er prosjektet Vilkår for berekraftig tettstadutvikling (Surround). Her studerer forskarane korleis arealbruken har endra seg i tettstadene i fire norske kommunar gjennom 30 år, og analyserer årsaker til endringane som har skjedd. Sogndalsfjøra var ein av tettstadene som vart studert i eit tilsvarande prosjekt rundt 1990, og resultata frå den gongen vert no samanlikna med situasjonen i dag. Kor stor del av Sogndalsfjøra var til dømes grønt då og no, og kva har det som før var dyrka mark, grasplenar og frukthagar blitt brukt til? 

Då ordføraren stakk innom, var stipendiat Karen Richardsen Moberg akkurat i gang med å analysere svar på ei spørjeundersøking ho har fått inn frå folkevalde og adminstrativt tilsette i deltakarkommunane. Stipendiaten kunne dele ferske resultat med ordføraren: Dei som deltok er generelt meir urolege for miljøproblem knytt til arealbruken i dag, samanlikna med dei som svarte på same spørsmålet for 30 år sidan. 

– Dette er ferskvare – desse tala såg eg for første gong i dag tidleg, understreka Kyrre Groven, som leier prosjektet. Han understreka òg kor viktig det er å ha ein vertskommune der nøkkelpersonar i forvaltning og politikk stiller opp når forskarane treng intervju, noko Sogndal har tradisjon for å gjere. 

Les meir om forskinga til Karen, Kyrre og resten av Surround på tettstad.no.

 

Foto
Arnstein Menes (t.v.) i møte med forskarane Karen R. Moberg, Eivind Brendehaug, Kyrre Groven og Anders-Johan Almås (direktør). (Foto: Idun A. Husabø)
 

Drahjelp til nasjonalt senter

Ein vertskommune som har tru på kunnskap og ser verdien av forsking, var òg nyttig for Vestlandsforsking då instituttet arbeidde for å etablere eit nasjonalt forskingssenter for klimatilpassing. I desember 2018, før Sogndal kommune var samanslått, opna senteret, mellom anna takka vere god støtte frå kommunen. Senteret fekk namnet Noradapt, med full-versjonen Norsk senter for berekraftig klimatilpassing. Dei fremste forskingsmiljøa i Norge innan klimatilpassing er med, og det er Vestlandsforsking som står for leiinga av senteret.

Senterleiar Carlo Aall og koordinator Eivind Brendehaug oppsummerte senteret sitt første år og skisserte planen om å bruke Noradapt til å styrke banda til viktige internasjonale forskingsmiljø innan tilpassing til klimaendringar.

Eit levande laboratorium

Carlo Aall understreka òg kor viktig det er at vi, trass i at fylket no er Vestland, held på posisjonen Sogn og Fjordane bygde opp på klimaområdet, takka vere tett kontakt mellom ulike organisasjonar - slik IT-forum på sitt område har oppnådd imponerande resultat. 

– For oss er det ein styrke at Vestlandsforsking ligg midt i det fylket som har aller størst mangfald i naturtypar. Vi har kort avstand til svært ulike stader og landskap som utgjer eit perfekt laboratorium for å studere korleis samfunnet vert påverka av og kan takle utslag av klimaendringane, understreka Aall, som gjerne skulle ha sett at Sogndal fekk ei endå større rolle på klimaområdet i nasjonal samanheng.

Digitalisering og rekruttering

Under besøket inviterte Arnstein Menes Vestlandsforsking til eit meir formelt møte med Sogndal kommune 8. september der kommuneleiinga òg skal delta.

På dette møtet vil Sogndal kommune legge fram tankar om korleis kommunen kan fylle rolla si som vertskommune og be om innspel til kva Vestlandsforsking og andre offentlege etatar kan samarbeide med kommunen om. Ordføraren nemner to aktuelle tema: digitalisering og rekruttering.

– Sogndal kommune ynskjer eit tett og godt samarbeid med Vestlandsforsking i åra som kjem. Eg tykkjer det var eit spennande besøk der direktøren gav viktige innspel til korleis kommunen og Vestlandsforsking kan spele på lag framover, seier ein nøgd ordførar.