Fortetting og byspreiing: praksis og haldningar gjennom tretti år i fire norske kommunar
Vi har kartlagt endringar i arealbruken i tettstadene i fire norske kommunar frå 1990-talet til i dag og gjer greie for utbygging av naturområde og jordbruksareal i og rundt dei aktuelle tettstadene. Vidare har vi analysert endringar i haldningar til arealbruk og miljøpolitiske verkemiddel blant folkevalde, byråkratar og sivilsamfunnsaktørar i desse kommunane over det same tidsrommet. På denne bakgrunnen studerer vi samanhengen mellom utbyggingspraksis, haldningar til arealbruk og eksterne drivarar.