Globale miljømål og gode nærmiljø – kan dei verke saman? Ein diskusjon av berekraftig tettstadutvikling i Sogndal
I dette kapittelet undersøker vi arealbruksendringar i tettstaden Sogndal gjennom 30 år, og analyserer desse mot etablerte berekraftmål i planlegging og internasjonal litteratur om fortetting og grønstrukturar. Ved å ta i bruk omgrepet fleirfunksjonelle areal konkluderer vi med at trass i at Sogndal har hatt sterk grad av fortetting, i tråd med nasjonale berekraftmål og globale miljømål, har utviklinga hatt til dels stor negativ påverknad på biologisk mangfald, rekreasjon og stadeigenheit.