Rein i solnedgang
Foto: Ørjan Bertelsen (Destinasjon Sápmi, nordnorge.com)

Planlegging for rettferdig arealbruk

 

 

 

 

 

 

 

 

Oppdragsgjevar
Noregs forskingsråd
Leia av
Vestlandsforsking
Prosjektperiode
-

Vi må endre måten vi brukar areal på

Å endre måten vi brukar areal på, blir sett som nødvendig for menneskeleg velferd og for å nå fleire av berekraftsmåla til FN. Samtidig er arealbruksendringar hovudårsaka til naturkrisa i tillegg til å føre til høgare utslepp av klimagassar. 

Ulike delar av befolkninga har ulike ønske for korleis bestemte areal skal brukast, og endringer i arealbruk fører difor ofte med seg konflikt. Arealbruk er òg prega av målkonfliktar knytt til berekraftig utvikling. Skal vi sikre at arealbruken blir meir berekraftig og rettferdig, treng vi ei djuptgripande endring i korleis ein tek omsyn til ulike og konkurrerande verdiar i avgjerdsprosessar om arealbruk.

Rettferdigheit gjennom nytt rammeverk

Prosjektet Planlegging for rettferdig arealbruk eller, på engelsk, Enabling land use justice, har som føremål å utvikle eit rammeverk som kan styrke prosessane knytte til arealplanlegging ved å utvikle rettferdige prinsipp for å vekte og balansere motstridande interesser. Vi snakkar då om omsynet til sosioøkonomi, til miljø og til rettferdigheit.

Rammeverket vil integrere prinsipp for pluralistisk eller mangfaldig verdsetting, med teori om rettferdigheit for å fange opp dilemma og avveging mellom ulike verdiar og interesser i offentleg planlegging. Fordi verdiar og rettferdigheit står sterkt i rammeverket, vil det bringe opp utfordringar i styringsprosessar knytte til arealbruksendring, inkluderert konkurrerande interesser og mål. 

Tanken er at dette òg vil bidra til å sikre at kommunar og andre involverte legg større vekt på miljømessige og sosiale følgjer når ein skal ta avgjerder om bruk av areal.

Vegar, hytter og infrastruktur for energi

I prosjektet skal vi ta i bruk rammeverket på fem norske case. Desse knyter seg til utvikling av energiinfrastruktur, vegbygging og hytteutvikling. 

Å analysere kunnskapsgrunnlaget ein nyttar i dei gjeldande planleggingsprosessane, står sentralt i det forskarane skal gjere. Eit viktig spørsmål er i kva grad dei involverte har lagt vekt på rettferdigheit og ulike verdiar i materialet.

Rammeverket skal gjerast tilgjengeleg for bruk i arealforvaltinga. Dermed har det ein kime i seg til å støtte opp under ambisiøse samfunnsmål om å redusere tap av biologisk mangfald, bremse klimaendringane og sikre alle innbyggarar eit rettferdig og likestilt liv.

Samlingar
Arbeidspakkar
Arbeidspakke 1: Utvikle rammeverk for rettferdig arealbruksendring

Arbeidet går ut på å utvikle eit teoretisk rammeverk for å analysere dei seks casa i prosjektet. Rammeverket skal legge vekt på rettferd knytt til miljø, klima og energi og kombinere det med det internasjonale naturpanelet (IPBES) sitt rammeverk for pluralistisk verdivurdering. 

Karen Richardsen Moberg ved Vestlandsforsking har ansvar for arbeidspakken.

 

Arbeidspakke 2: Biofysiske verdiar og utslepp

Denne delen av prosjektet er naturvitskapleg og legg vekt på økologi og livsløpsanalyse. Konsekvensutgreiingar inneber ein risiko for skeivheit. I denne arbeidspakka går forskarar gjennom det som er gjort av vurderingar av artar, naturtypar og landskapstrekk i planprosessar, inkludert konsekvensutgreiingar.

Dette inneber å ta i bruk eit NEA-rammeverk (Miljødirektoratet 2023) for konsekvensutgreiing og verdivurdering. Vidare vil forskarane bruke LCA-metode for å supplere arbeidet med klimagassutslepp. Resultata av arbeidspakken inkluderer verdisetting av natur som går inn i arbeidspakke 3 i prosjektet. Samanlikning av vurderingar av biologisk mangfald og LCA-analysar vil bli nytta for å føreslå forbetringar i implementeringa av NEA-rammeverket og NiN-verdisettingssystemet.

Arbeidet er leia av Ross Wetherbee ved Høgskulen på Vestlandet.

Arbeidspakke 3: Verdigjenkjenning og rettferd

Målet med arbeidspakken er å identifisere relasjonelle og utilitaristiske veridar som ulike aktørar legg i landskapa i case-områda som gjennomgår arealbruksendring. Forskarane skal sjå på korleis ulike interesser og verdiar blir vektlagde og balanserte opp mot kvarandre i planprosessane.

Arbeidet er leia av Ragnhild Freng Dale, seniorforskar ved Vestlandsforsking. 

Arbeidspakke 4: Utprøving, samandrag og strategiar

Arbeidspakken skal knyte saman resultata frå dei ulike arbeidspakkane, revidere rammeverket for rettferdig arealbruksendring og utvikle eit forslag til policy for tverrsektoriell rettferdig arealbruk, med mål om å endre malen for konsekvensutgreiing og sektorlovgjevinga på området. 

I samarbeid med brukarpartnarane vil vi ta i bruk innsiktene frå planprosessane på ulike nivå, til dømes i kommuneplanar i casekommunane.

Arbeidet er leia av prosjektleiar Halvor Dannevig.