Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane
Sjå eiga prosjektside: kbsfj.vestforsk.no
Prosjektet ”Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane” er eit av fleire delprosjekt i ”Et kunnskapsbasert Norge” (www.ekn.no). Det overordna målet med prosjektet er å bidra til langsiktig økonomisk vekst i Sogn og Fjordane – og dermed til bevaring av livskraftige og attraktive lokalsamfunn. For å realisere dette målet skal prosjektet være faktabasert – byggjast på eit solid kunnskapsgrunnlag.
Prosjektet skal ta tak i dei store utfordringane i regionen, identifisere årsaker til desse, diskutere løysningar på utfordringane og ende i konkrete tiltak. Prosjektet tar utgangspunkt i nærings- og folketalstrendar og andre utfordringar, og vil sjå kva som er situasjonen i Sogn og Fjordane. Kva er myter kva er fakta om trendane i Sogn og Fjordane? Korleis skal næringsmiljøa, kunnskapsaktørane og det offentlege støtteapparatet kunne ta tak i dei utfordringane som er i fylket, identifisere årsaker til, diskutere mulege løysingar på utfordringane og anbefale konkrete tiltak?
“Et kunnskapsbasert Norge” er ei vidareutvikling av “Et konkurransedyktig Norge” (1992) og “Et verdiskapende Norge” (2001). Felles for desse prosjekta er at dei har eit klyngeperspektiv på næringslivet. Det vil seie at analysane fokuserer på samarbeid, gjensidig binding og påverknad (eksternalitetar) mellom ulike aktører i næringslivet. Prosjektet bryt dermed med dei meir tradisjonelle analysane som tar utgangspunkt i bransjar og industriar som er gruppert etter likskap i interne aktivitetar og prosesser som verksemdene gjennomfører. Sjølv om Sogn og Fjordane ikkje har klynger i følgje Porter (1998) sin definisjon, er klyngeperspektivet nyttig fordi det fangar opp samspelet mellom aktørar. Dette samspelet er drivar for innovasjon og oppgradering av teknologi og organisering i samfunnet, samt rolla til kunnskap; kunnskapsgenerering, kunnskapsflyt og kunnskapsnav.
Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane har på same vis som det nasjonale prosjektet ein sterkare fokus på mekanismar for kunnskapsgenerering og -spreiing, i og rundt kunnskapsnav. I ei verd som blir stadig meir global og (dermed) meir spesialisert, er desse mekanismane blitt enda viktigare og kunnskapsleverandørane meir sentrale.