Sogn og Fjordane må satse der vi kan vinne

Vi må satse på næringar der vi har ressursar til å skape verdiar og lukkast med å bli leiande nasjonalt – helst internasjonalt. Det slår prosjektet Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane fast i rapporten som vert offentleggjort på Skei torsdag 12. januar. Prosjektet ønskjer ei sterkare satsing på fornybar energi, linefiske, reiseliv og bygg og anlegg.

Målet med prosjektet Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane er å bidra til langsiktig økonomisk vekst her i fylket. Dette skal igjen vere med å sikre og bevare livskraftige og attraktive lokalsamfunn.

Stiller sterkt i fornybar energi-marknaden
Eitt av dei viktigaste stikkorda er spesialisering. Vi må satse der vi har føresetnadar for å lukkast. Sogn og Fjordane må setje inn støyten der fylket har sjansen til å ta ein leiande posisjon i landet – eller aller helst i verda.

Prosjektet trekkjer fram fire næringar som vi bør satse på for å skape verdiar i Sogn og Fjordane. Eitt av dei er fornybar energi. Fylket stiller sterkt i denne marknaden. Det er takka vere kombinasjonen av mykje ikkje-utbygt vind- og vasskraft, djupe fjordar og energiteknologisk kompetanse.

Stort vekstpotensial i fleire næringar
Sogn og Fjordane er sterke på mange område innan fiskeri og havbruk, men det er mange andre fylke òg. Linefiske skil derimot Sogn og Fjordane (og Sunnmøre) frå dei andre. Så godt som alle linebåtane i landet er frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Her er eit stor potensial for vekst.

Det same gjeld reiselivsnæringa. Sogn og Fjordane har natur og kultur i verdsklasse. Men utfordringar med både kompetansegrunnlag og store kostnader gjer det vanskeleg å tene pengar. Bygg- og anleggsnæringa bidreg til verdiskaping i andre næringar, men er ei næring som manglar insentiv til innovasjon og utvikling.

Må sjå samanhengar og det store biletet
Prosjektet Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane føreslår fleire strategiar for snu dei negative trendane. Ein av dei er å sjå samanhengar og late fire viktige faktorar spele saman og gjere kvarandre gode. Desse fire er bustadkvalitet, arbeidsmarknad, næringsliv og kunnskapsmiljø. Det nyttar ikkje berre gripe tak i ein ting. Desse fire må komponerast slik at dei vert gode kvar for seg, samstundes som dei forsterkar kvarandre.

Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane er ein regional variant av det nasjonale prosjektet Et kunnskapsbasert Norge. Dette vert gjennomført av BI ved prosjektleiar Torgeir Reve. Sjå www.ekn.no.

Prosjektet er gjennomført med støtte frå Stiftinga REKOMP, Kommunal og regionaldepartementet, Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

For meir informasjon, ta kontakt med
Halvor Flatland
leiar for styringsgruppa og direktør i Innovasjon Norge
mobil: 957 81 493
e-post: halvor.flatland@innovasjonnorge.no

Agnes Landstad
medlem av styringsgruppa, initiativtakar og direktør Vestlandsforsking
mobil: 915 46 610
e-post: agnes.landstad@vestforsk.no

Jan Heggheim
medlem av styringsgruppa og fylkesdirektør for næring
mobil: 905 66 623
e-post: jan.heggheim@sfj.no

Vi minner også om:

Presentasjon av prosjektet «Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane» Langvarig økonomisk vekst i fylket.

Tid: Torsdag 12. januar kl. 10.00–11.30

Stad: Skei Hotell.

Arrangør: Styringsgruppa for prosjektet

Program:

  • Velkomen v/Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring
  • Bakgrunn for arbeidet, Agnes Landstad, direktør for Vestlandsforsking
  • Presentasjon av sluttrapport, Inge Jan Henjesand, leiar for kunnskapspolitikk i Abelia
  • Vegen vidare - kommentarar frå Høgskulen, Vestlandsforsking og næringslivet