Torunn er seniorforskar og gruppeleiar for Teknologi og samfunnsgruppa ved instituttet.
Ho forskar på policyutvikling og implementering av berekraftig sirkulær økonomi, omstilling til grønt og berekraftig næringsliv og korleis klimaendringar kan påverke utslepp og giftigheit av miljøgifter og ureining.
Ho har naturvitskapleg utdanning, med hovudfag i molekylær cellebiologi frå NTNU i 1995 og ein dr. grad i økotoksikologi frå Universitetet i Oslo i 2001. Før ho vart tilsett hjå Vestlandsforsking, har ho arbeidd hjå Folkehelseinstituttet med risikovurdering og klassifisering/merking av kjemikaliar, ho har vore lektor i naturfag på Luster vidaregåande skule og førsteamanuensis i cellebiologi, fysiologi og genetikk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Avfallsbransjen og regelverket vart ho godt kjent med som driftssjef for SIMAS (Sogn interkommunale avfallsselskap) og gjennom åtte år med tilsyn/ureiningsoppgåver for kommunar og næringsliv hjå miljøvernavdelinga til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Cristin profil: https://app.cristin.no/persons/show.jsf?id=792058