Idun A. Husabø har graden MSc Asian Politics frå School of Oriental and African Studies (SOAS) ved University of London, med spesielt fokus på Kina. Ho er frå før cand.mag. i samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen og har faget Conflict, Mediation, and Dialogue frå Høgskolen i Oslo.
Idun vart tilsett hausten 2006. Ho hadde då bakgrunn som journalist i NRK og hadde vore i Kina for Fredskorpset og Røde Kors Nordisk United World College. I 2011–14 var ho seniorrådgjevar i Kompetansesenter for distriktsutvikling, eit forvaltingsorgan under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Ho har forfatta to bøker: «Kjartan Slettemark – kunsten å falle» (2009) og «Balestrand» (2011) og er medlem av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
Ved Vestlandsforsking forskar Idun på korleis samfunnet kan tilpasse seg klimaendringane, med vekt på samfunnstryggleik og oppgåvene til lokale og regionale forvaltningsaktørar. Ho har i fleire år jobba i skjeringspunktet mellom forsking og formidling. Til dømes var ho ein av bidragsytarane til den statlege portalen Klimatilpasning.no, både då Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap etablerte portalen i 2007-8 og i samband med Miljødirektoratet si nylansering i 2016. Sidan 2014 har ho utført populærvitskapleg formidling og kommunikasjonsarbeid for Vestlandsforsking, Høgskulen i Sogn og Fjordane og den samanslåtte Høgskulen på Vestlandet.
Idun er kommunikasjonsansvarleg i Vestlandsforsking og i Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt), eit forskingssenter som samlar åtte av landets fremste fagmiljø på klimatilpassing. Noradapt opna i 2018 og er drive av Vestlandsforsking.