– Alle må med i det grøne skiftet og den digitale omstillinga

JustTransform-forskarane
Forskingsprosjektet JustTransform har forankring i Vestland, og legg vekt på inkludering og sosial rettferd i den grøne og digitale omstillinga som både samfunn og arbeidsliv går gjennom. Forskarar frå begge hovudgruppene ved instituttet deltek. Frå venstre: Irmelin Gram-Hanssen, Hilde G. Corneliussen (prosjektleiar), Daniel Furberg, Mari Hanssen Korsbrekke og Cheshta Arora. Foto: Idun A. Husabø

– Samfunnet skal gjennom eit grønt skifte som på mange måtar er avhengig av digital omstilling. Men vi kjem ikkje i mål utan at denne omstillinga skjer på ein måte som er inkluderande, seier forskingsleiar Hilde G. Corneliussen. I eit nytt, tverrfagleg prosjekt skal forskarar ved Vestlandsforsking, Norce og Universitetet i Cambridge studere korleis arbeidslivet kan gå gjennom dei store omstillingsprosessane på ein måte som utjamnar, snarare enn å forsterke, ulikskap i samfunnet.

I takt med at den norske bilparken blir elektrisk, hus blir smarte og solcellepanel dukkar opp på fleire tak, har det vakse fram ei uro for eit grønt klasseskilje i Norge, og bekymringa for utanforskap er den same når det gjeld digitalisering. Også i framtidas arbeidsmarknad er det fare for at gapet aukar mellom dei som er i front på desse områda og dei som ikkje heng med.

Rettvis omstilling

Å sikre at alle er med på vegen mot eit meir berekraftig samfunn, har vore eit viktig mål for FN og EU i samband med berekraftsmåla, som legg stor vekt på prinsippet «Leave No-One Behind». At samfunnet passar på å få med alle i dei store omstillingsprosessane, er òg kjernen i eit nytt forskingsprosjekt om inkludering, sosial rettferd og likestilling. Prosjektet har fått kortnamnet JustTransform, som understrekar at omstillinga må skje med rettferd som hovudprinsipp, og ser særleg på arenaen arbeidsliv og korleis politikkutforming og utdanning bidreg til å støtte opp om utviklinga.

– Prosjektet treffer tre nervar som samfunnet i dag må finne ut av: Korleis skal vi klare det grøne skiftet og den digitale omstillinga – og korleis skal vi gjere det heile inkluderande, seier Hilde G. Corneliussen, som skal leie forskingsprosjektet.

Digitaliseringa og det grøne skiftet heng saman

Omstillinga forskarane viser til, gjeld ikkje berre det grøne skiftet, men òg digitaliseringa samfunnet vårt går gjennom.  Det har blitt meir klart dei siste åra at dei to prosessane er som ein slags siamesiske tvillingar, som t.d. EU kallar «the twin green & digital transitions». Det grøne skiftet er i aukande grad eit krav som dei fleste sektorar og industriar må møte, og digitalisering har ei sentral rolle i denne prosessen.

Hilde G. Corneliussen
Kjønnsperspektivet på den grøne og digitale omstillinga er særleg viktig for Hilde G. Corneliussen - her med den nye fagboka si om kvinner sin veg inn i teknologiutdanning og -yrke. Foto: Idun A. Husabø

Digitalisering kan for somme utløyse utvikling i rett retning, og for andre bidra til eit meir effektivt grønt skifte. Til dømes kan energiselskap bruke kunstig intelligens til å få meir utav produksjonen.

Korleis blir arbeidslivet?

Nøtta forskarane håpar å knekke, er korleis arbeidsliv og utdanning vil bli endra når det grøne skiftet og digitaliseringa slår ut i full blomst, for ein ting er sikkert: Saman skapar dei nye mogelegheiter, men òg ny risiko i arbeidslivet.

– Når dette skyt fart, korleis vil det påverke ulike demografiske grupper i samfunnet? Det er eit kunnskapshol vi vil utforske på det politiske, praktiske og personlege nivået, seier Corneliussen.

På det personlege nivået handlar det om korleis ein enkelt arbeidstakar opplever dei nye krava om kompetanse, korleis får dei tilgang til den og kor oppdaterte utdanningsinstitusjonane er. Og ikkje minst, korleis opplever folk dei nye mogelegheitene? Vil dei vere tilgjengeleg for alle?

På det politiske og det praktiske nivået handlar det om korleis vi utformar politikk for å nå måla i denne doble omstillinga. Forskarane skal både analysere dokument og gjennomføre intervju med politikarar, regionale leiarar, bedriftsleiarar og tilsette for å finne ut korleis politikken bidreg, og korleis måla for det grøne-digitale skiftet blir sette om til praksis.

Vestland i fokus

Forskingsprosjektet som er på trappene, er knytt til Vestland som fylke. Med på laget er òg eit regionalt prosjekt som er unikt i norsk samanheng: Grøn region Vestland. Dette er eit samarbeid mellom Innovasjon Norge og Vestland fylkeskommune om å få grøn omstilling til å skje raskare og enklare i fylket.

Dette prosjektet har fått ein av plassane i Just Transform-prosjektet si referansegruppe, saman med ei rekkje andre organisasjonar som er involverte i det doble skiftet: «Jenter og teknologi» i regi av NHO, Norges ingeniør- og teknologiorganisasjon (Nito), Nasjonalt senter for realfagsrekruttering og IT-forum Vest.

– Referansegruppa er ein viktig arena for å etablere tett kontakt med og å få innsikt i erfaringar blant dei som er involverte i dette doble skiftet, seier Corneliussen.

Mannstunge bransjar

For Corneliussen blir kjønns- og likestillingaspektet heilt sentralt i arbeidet.

– Viss teknologi skal vere i førarsetet i den doble omstillinga, må ein også sjå på kven som er med. Tradisjonelt veit vi at det har vore færre kvinner på teknologifeltet, men kva skjer når grøn og digital omstilling går hand i hand? Førebels veit vi lite om dette, seier Corneliussen, som i fleire tiår har forska på korleis kvinner blir inkluderte i teknologiutdanningar og -yrke.

– Drivkrafta mi er å ta den jobben vidare her med studere forholdet mellom politikk, bedriftene sin praksis og arbeidstakarane sine erfaringar i det doble skiftet, seier ho.

– Dette er eit stort muligheitsrom

Også andre sosiale ulikskapar er viktige for forskarane i JustTransform. Irmelin Gram-Hanssen, som forskar på klima- og miljøspørsmål, ser det grøne skiftet som ei tid for å ta eit oppgjer med skeivfordeling.

Irmelin Gram-Hanssen
Seniorforskar Irmelin Gram-Hanssen ser den grøne og digitale omstillinga som eit høve til å rette opp forskjellige typar ulikskap. Foto: Idun A. Husabø

– Det gjeld kven som har tilgang på ressursar og kven som bestemmer korleis samfunnet skal utvikle seg. Det grøne skiftet gir oss eit stort mogelegheitsrom for å takle dei store klima- og miljøutfordringane vi har. Samtidig må samfunns- og miljøvitarane engasjere seg for å prøve å unngå at ein gjenskaper det vi har av skeivheiter i samfunnet.

Gram-Hanssen er særleg oppteken av liva vi skal leve oppi dei store omstillingane, og visjonane for den personlege sfæren.

– Det manglar ikkje gode idéar om korleis det grøne skiftet skal gjennomførast reint praktisk. Teknologien kan bli meir intelligent, og så vidare – men det er ikkje berre der vi bør setje inn innsatsen. Det er viktig at vi òg har med det personlege perspektivet, korleis kvart individ opplever det som skjer og korleis vi kan ta individuelle og kollektive verdiar og visjonar inn i omstillingsprosessane, understrekar ho. 

Samarbeid på tvers av grupper

For Vestlandsforsking som organisasjon er JustTransform, som startar opp i januar 2024 med seks forskarar frå eigne rekker, spesielt gledeleg. Grunnen er at det går på tvers av eit usynleg, men veletablert skilje mellom forskarane:

– Dei to hovudpilarane i prosjektet svarar til dei to hovudgruppene ved instituttet, og det gjer prosjektet veldig spennande, seier Corneliussen.

Både teknologi- og samfunnsgruppa, der ho er forskingsleiar, og klima- og miljøgruppa har lang tradisjon for å søke samarbeid med forskarar og verksemder utanfor huset. Berre unntaksvis har dei to gruppene gått inn for å samarbeide i større skala.

I tillegg til Corneliussen og Gram-Hanssen, deltek Ragnhild Freng Dale og Mari Korsbrekke Hansen frå klima- og miljøgruppa, medan Cheshta Arora og Daniel Furberg er med frå teknologi- og samfunnsgruppa. Andre viktige samarbeidspartar er Norce, Universitetet i Cambridge og eit vitskapleg råd med toppforskarar frå både miljø- og teknologifag.